Kontroll på vatnet vil spare deg mykje arbeid med vedlikehald, og reduserer behovet for tilrettelegging. Vatn i stien og særlig rennande vatn vil erodere bort massane i stisporet. Sørg for å leie vekk vatnet frå stien så fort som mogleg.

Det enkleste tiltaket er å starte med å grave små renner slik at vatnet ikkje renn i stisporet. Der det har danna seg dammar, sørg for å leie vekk vatn og fyll igjen hòlet.

Sjå korleis du kan gjere dette i starten av denne filmen:

Om dette ikkje er nok, kan du lese meir om ulike teknikkar for å kontrollere vatn på denne sida.

For å byggje ei vassrenne, bør du ha:

  • spett, slegge, spade, grafse, kubein, flatslynge,  jekkestropp for 5 tonn, grafsebrett og  tung handhammar
  • fjellkilar og steinøkser om det er naudsynt å fjerne stein eller fjell
  • sekketralle med store gummihjul som vil lette arbeidet om du skal samle stein til sidekantar

Om du kjem til med maskinelt utstyr, er det nyttig å ha:

  • Minigravar frå 1,5 til 3 tonn
  • Minihjullastar for transport av massar  
  • Beltedumper for transport av massar  

Før du starter

Når du skal bygge eit dreneringssystem, må du ha kunnskap om kor mykje vatn som kan komme inn på stien.

Vatn i stisporet kan bli ei utfordring når det er:

  • langvarig nedbør
  • intensivt nedbør
  • snøsmelting
  • stor ferdsel

Det er viktig å ha tilsyn med stien i disse periodane for å sjå kor du skal lede vekk vatnet, og kor stort tiltaket skal vere.

Når du skal dimensjonere tiltaket, må du òg hugse at klimaendringar fører til både meir og meir intensivt nedbør.

Sørg for at vatnet ikkje kjem i konflikt med naturmiljø eller kulturminne når du leder det vekk frå stien.

Vassrenne

Ei vassrenne kan plasseres både på tvers av stien og på sida av stien.

Grav ut renna

Første steg for å bygge ei vassrenne er å grave ut massar der renna skal gå. Kor mykje du grev ut bestemmer kor stor kapasitet renna får. Hugs at vassrenna skal ta unna perioder med flaum og mykje nedbør.

Du må grave så breitt at du får plass til sidesteinar eller sideheller, og så djupt at sidesteinane kan grunnes godt ned i jordsmonnet. Lag vassrenna litt breiare enn breidda på grafsa du bruker, då blir det enklare å reinske og vedlikehalde renna.

Når du har gravd ut massane, må du flate ut botnen og legge fallet vassrenna skal ha. 

Ta vare på all vegetasjon. Den skal du bruke til å revegetere når vassrenna er ferdigbygd.

Ta også vare på alt av småstein. Disse skal du bruke som fyll bak sidesteinane og sidehellene.

Bygg vassrenna

For å bygge ei vassrenne, må du ha riktig type stein.

Plasser sidesteinane på kvar side av renna, så langt frå kvarandre at vassrenna får den kapasiteten som krevjast. Steinane bør grunnast noko ned i jordsmonnet. Bruk litt større steinar, da små steinar er vanskelegare å få til å ligge stabilt. 

Der vannet skal renne inn i vassrenna, bør sidesteinane legges i Y-form for å samle mest mogleg vann i renna.

Fyll småstein og pukk i bakkant av sidesteinane for at dei skal ligge stabilt. Bruk mest mogleg frostrie massar.

Om du nyttar steinheller på sidene, må dei overlappe kvarandre slik at vatnet ikkje sig inn mellom steinane.

Når sidesteinane er plassert, legg du ned botnsteinane i vassrenna. Dei skal liggje litt høgare enn botnen av sidesteinane. Dei har to funksjonar:  

  • Dei skal låse sidesteinane slik at vassrenna ikkje sige saman over tid. 
  • Dei skal danne ein steinbotn i vassrenna som vatnet skal renne over.

Botnsteinane må leggast med tilstrekkeleg fall for å lede vatnet ut av stien. 

Når du har plassert botnsteinane, må du tette eventuelle hol i botnen ved å banke stein ned i holromma mellom botnsteinane.

Unngå å lage ein snublekant der folk skal gå over vassrenna. Steinkanten som stikk opp, som ein vil trakke på, bør vere flat, brei og god til å stige på.

Ein anna måte å bygge vassrenne på er ein metode vi kallar Wales-renne.

Wales-renne er ein variant av vassrenne der ein nyttar ein anna teknikk for å låse sidehellene.

Bygginga er lik som over, bortsett frå korleis ein lagar steinbotnen i renna. Her brukar ein små flate steinar: 

  • Plasser sidesteinane. Ein nyttar steinheller som sidesteinar. 
  • Bank flate steinar tett i tett på høgkant ned i botnen av renna. Då får du ei robust botn som låser sidehellene godt. 
  • Juster fallet i renna ved å banke steinane jamt høgare oppstraums i renna.
  • Når du er ferdig med å fylle heile botnen med stein, strør du subus i renna slik at den tettar seg. Fyll renna med subus utan vatn fyrste gangen. Sett på vatnet. Tett eventuelle hol ved å tilføre meir subus. Gjer dette til renna er tett.

Teknikken passar frå små til mellomstore vassrenner, og både som sidegrøfter langs sti og som ei opa gjennomføring for å få vatn ut av stien.

Steinklopp

Om du skal handtere mykje vann, kan det hende at vassrenna må vere så brei at du treng stein som bru for å gå over. Då må du bygge ein steinklopp.

Ein steinklopp er ofte nytta der stien skal krysse ein bekk, ei stor vassrenne eller der beitedyr eller syklistar må krysse vassrenna.

Du bygger dette på nesten lik måte som du bygger ein vassrenne.

Bygg tersklar

Når ein har mykje vatn, er det viktig at vatnet renn roleg gjennom steinkloppa, slik at ein unngår skadar på vassrenna. For å roe ned vatnet bør du bygge tersklar oppstraums før steinkloppa og nedstraums etter steinkloppa.

Start med å grave ut massar for å legge på plass terskelsteinar i nedkant av steinkloppa. 

Legg ned terskelsteinane i riktig høgde slik at vatnet renn roleg gjennom steinkloppa. Dette gjer du for å hindre at vatnet får stor fart og kraft. Det er viktig å steinsette elveløpet etter terskelsteinane, slik at vatnet ikkje grev under terskelsteinane.

Bygg steinkloppen

Bygg steinkloppa etter same prinsipp som ei vassrenne.

Botnsteinane må leggast med tilstrekkeleg fall. Vasspeilet gjennom kloppa skal renne roleg med lite kraft. 

Når sidesteinar og botnsteinar er på plass bygger ein opp ynskja høgde med fleire raster med sidestein. Pass på at steinane overlappar dei underliggande steinane slik at konstruksjonen blir sterk og stabil.

Når ein har fått opp naudsynt høgde legge ein på plass topphella. Hella eller hellene må ligg mest mogleg flatt og ligge stabilt.

Steinsatt overløp

Dette er ein metode for å steinsette ein forsenking på stien slik at vatnet kan renne over stien utan å gjere skade.

Dette nyttes enten som eit tiltak for seg sjølv, eller i kombinasjon med ei vassrenne om det skulle syne seg at vassrenna har for lite kapasitet i flaumperioder eller snøsmeltinga.

For at eit overløp skal fungere, må det ha ei overflate som tole at vatnet renn over.

På ein sti kan du steinsette tett i tett med mindre steinar, eller legge ned større flate steinar.

Det viktigaste er at steinane er grunna godt ned i jordsmonnet, har rett fall og toler den vassmengda som potensielt skal renne i overløpet.

Eit overløp krev jamleg ettersyn.

Grøft

Ei grøft er noko ein etabler lengre vekk frå stien for å kontrollere vatn slik at det ikkje når stien.

Grev ei grøft i dei stadeigne massane, slik at du får styrt vatnet dit du vil, gjerne til eit søkk eller ein bekk. Deretter legg du på vegetasjon slik at grøfta gror igjen.

Spalt i stien

Å spalte opp stien har fleire funksjonar:

  • forankre massane i stien
  • lede vekk vatnet frå stisporet
  • bidra til å bygge høgde i stien

Spalt opp stien med stein som er grunna godt ned i jordsmonnet, 30-45 grader på tvers av stien. Spalten skal forhindre at større mengder overflatevatn får samle seg og skape erosjon i stisporet. 

Spalt leggast med hall på stien dit vatnet skal renne.

Les meir om spalta grussti her:

Revegetering

Å revegetere betyr å plante tilbake vegetasjonen som ble gravd opp i starten av prosessen. 

Revegetering er viktig for å hindre erosjon i blottlagde jordmassar og skape eit naturleg uttrykk. Dette er ein stor og viktig del av jobben med å setje i stand ein sti.

Vegetasjonen du tok vare på under utgravinga, skal du no legge tilbake. Legg vegetasjon mellom og rundt steinane.  Små trær eller busker skaper også eit naturleg uttrykk, og bidrar til å kanalisere ferdsel.

Om du ikkje har nok vegetasjon, bør du hente vegetasjon punktvis ut i terrenget. Hent same type vegetasjon som det som veks langs stien fra før.

 

Vedlikehald

Ha jamleg tilsyn med dreneringssystemet. Pass på at stein, lauv, kvist og kvast blir fjerna før den tettar vassrenna. Det er viktig at vassrenna er reinska før vinteren, slik at den er klar til snøsmeltinga på våren.

Pass på at vatnet ikkje byrjar å grave i elveløpet etter den steinsette vassrenna. Viss dette skjer, må du steinsette elveløpet slik at erosjonen stoppar.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid