Hovudregelen er at du bør gjerne minst mogleg tilrettelegging på stien. Du bør prioritere å førebygge slitasje på stien med jamleg tilsyn og vedlikehald.

Denne rettleiaren er for deg som har så stor slitasje på stien at det påverkar naturverdiane eller opplevinga til dei besøkande.

Årsaker til å starte eit stiprosjekt kan vere:

  • stor auke i besøkande på stien
  • utfordringar med rennande vatn i stisporet
  • erodert stispor med mange villstiar

Å tilrettelegge ein sti krev at du gjer ein del førebuingar, og at du har gode rutinar for vedlikehald i ettertid. Ein del av arbeidet er typisk kontorarbeid, men den viktigaste jobben for å få eit godt sluttresultat, er planlegging ute i felt.

Denne rettleiaren skal hjelpe deg på veg for å gjere dei gode avgjerdene.

Sjå ei kort oppsummering av prosjektfasen her:

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid