Spalta grusstiar er eigna for lett stigande til bratt terreng. Denne typen tilrettelegging kan erstatte steinstiar i mange tilfelle. Grunnforholda kor den spalta grusstien skal etablerast bør vere nokolunde fast. 

Ein spalta grussti har høg kanaliseringseffekt, og toler både vandring, riding, sykling, beitenæring og meir. 

For å byggje ein spalta grussti, bør du ha:

  • Spett, slegge, spade, grafse, grafsebrett og steinrive   
  • fjellkilar og steinøkser om det er naudsynt å fjerne stein eller fjell
  • sekketralle med store gummihjul som vil lette arbeidet om du skal samle stein til sidekantar

Om du kjem til med maskinelt utstyr, er det nyttig å ha:

  • minigravar frå 1,5 til 3 tonn
  • minihjullastar for transport av massar
  • beltedumper for transport av massar

 

Slik bygger du ein spalta grussti:

Grunnarbeid

Første steg for å bygge ein spalta grussti er å grave ut massar i stien for å lage eit trau der stien skal gå. Trauet må vere breidt nok til å plassere sidesteinane på kvar side, og djupt nok til at du får plass til både berelag og toppdekke utan at stien ligg over terrenget.

Om du har våte massar i stien, bør du vurdere å legge duk eller dreneringsmatter som held berelaget flytande. Dette aukar også bereevnen på stien. Pass på at duken eller matta ligg i botnen og blir godt dekka av beremassane. 

Ta vare på all vegetasjonen. Den skal du bruke til å revegetere når stien er ferdigbygd.

Etabler eit solid dreneringssystem som hindrar at vatn kjem inn i stisporet. Grus er lett eroderbart, og ukontrollert vatn gir store skadar på stien.

Bygg spalta grussti

Når du er ferdig med grunnarbeidet, skal du bygge stiskjelettet av stein og legge i berelag og toppdekke.

Dei aller fleste stiprosjekt kan ein gjennomføre med enkle verktøy og handmakt. Dersom det er store stiprosjekt kan det være nødvendig med maskiner til å transportere materialar, masser og utstyr. 

Å transportere inn pukk og grus krever god logistikk. Du kan transportere inn massar ved hjelp av:

Hugs at all motorisert ferdsel krev løyve frå kommunen.

Sidesteiner og spaltar

Sidesteinar fungerer som ei ytre ramme av stikroppen for å holde på berelag og grus.

Sidesteinane grunnast ned langs ytterkanten av stitrauet. Steinane skal grunnast ned ca. to tredjedel av steinhøgda i flykt med omkringliggande terreng. Sidesteinane må ligge mot kvarandre for å ligge låst.

Spaltar delar stien opp i seksjonar. Dette gjer ein av tre grunnar: 

  1. for å lede vatn ut av stien dersom det kjem seg inn i stisystemet 
  2. halde på massane i lengderetninga 
  3. bygge høgde for kvar spalt ein legg inn 

Spalta leggast ca. 35-45 grader på tvers av stien. Steinane til spalta skal ha same høgde som sidesteinane, i flukt med omkringliggande terreng.

Kor mange spalt som skal etablerast må vurderast på staden. Det er naudsynt med fleire spalt dess brattare stien ligg i terrenget og dess meir overflatevatn som samlast i stien. 

  • På bratte stiar over 15 grader, bør du ikkje ha meir enn 5 meter mellom spalta.
  • På mindre bratte stiar mellom 5 og 15 grader, kan du ha 10-25 meter mellom spalta.
  • På slake sitar opp til 5 grader, kan du legge inn 25 meters avtand eller meir mellom spalta.

Legg berelaget av pukk

Når du er ferdig med sidesteinar og spalt, skal du fylle seksjonane med berelag av pukk.

Berelaget må vere tjukt nok for dei belastningane stien vil få. Eit berelag er normalt 10-25 cm.

Bruk pukk med fraksjonsstorleik på 32 – 64 mm, ofte kalla mellompukk. Denne er lett å arbeide med.

Legg toppdekket av grus

Toppdekket bør vere minst 10-15 cm tjukt.

Toppdekket av grus bør vere laga av knust fjell. Denne grusen har god bindeevne.

  • Grus med fraksjonsstorleik 0-16 mm gir meir laus grus på toppen av stien, men tåler litt mer nedbør enn grus med fraksjonsstorleik 0-8mm.
  • Grus med størrelse 0-8mm gir imidlertid ei meir kompakt overflate, men er meir utsatt for erosjon.

Sørg for god avrenning

For å få vekk overflatevatn, må du legge ein helling på berelag og toppdekke. Legg berelaget litt skrått i den retning du ynskjer at vatnet skal renne av stien. Når du legger på troppdekket, finjusterar du kor skrått hellinga på stien skal vere. Toppdekket legges med omtrent to til fem grader helling.

Revegeter langs stien

Vegetasjonen du tok vare på under utgravinga, skal du no legge tilbake på siden av stien. 

Revegetering er viktig for å hindre erosjon i blottlagde jordmassar og skape eit naturleg uttrykk. Dette er ein stor og viktig del av jobben med å setje i stand ein sti.

Om du ikkje har nok vegetasjon, må du hente vegetasjon punktvis ut i terrenget over et større område. Pass på at du får med nok rotsystem, slik at vegetasjonen ikke tørker ut. Hent samme type vegetasjon som det som veks langs stien fra før.

Skap eit naturleg uttrykk

Juster bredda på stien og skap eit naturleg uttrykk ved å legge vegetasjon inn mellom sidesteinane.

Små trær eller busker skaper også eit naturleg uttrykk. Å flytte små trær og busker er en fin måte å sperre villstier og kanalisere ferdsel.

Vedlikehald

Ingen stier er vedlikehaldsfrie. Ha jamleg tilsyn med gstien og tilhøyrande dreneringssystem.

Reinsk alle vassrenner og steinklopper. Pass på at stein, lauv, kvist og kvast blir fjerna før den tettar dreneringssystema. Det er viktig at alt er reinska før vinteren, slik at den er klar til snøsmeltinga til våren.  

Kjem det inn vatn på nye stadar i stisystemet, må dette ordnast så fort som mogleg.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid