Registrering av hjort og elg som observerast og fellast under jakta, er kjend som "sett elg og sett hjort".
Jegerane sine observasjonar av elg og hjort under jakta er viktig for ein god overvaking og forvaltning. Ver derfor nøye med å fylle ut ein jaktdag for "sett hjort" og ein jaktdag for "sett elg" kvar dag, også dei dagane jaktlaget jaktar utan å sjå hjort.
Slik skal du telje og føre sett elg og sett hjort
- Fylle ut sett elg/hjort-skjemaet kvar dag, også dei dagane jaktlaget jakter utan å sjå dyr.
- Jaktleder er ansvarlege for registrering av sett elg eller sett hjort-data. Jaktleder kan overlate til ein annan i jaktlaget å fylle ut skjemaet.
- Alle observasjonar av elg og hjort under jakt skal føres. Dobbeltobservasjonar, det vil si elg eller hjort som ein trur er observert av fleire jegerar same dag, skal ikkje kansellerast. Eksempel: ein bestemt elgokse blir sett av to jegerar på kvar sin post under ei jaktøkt. Dette skal registrerast som to sette elg, vaksen hann.
- Berre dyr som observerast under sjølve utøvinga av jakta skal registrerast. Ser du for eksempel eit dyr frå bila på veg til jakt skal ikkje dette registrerast.
- Observasjonar av hjort på innmark og observasjonar av hjort på utmark skal føres kvar for seg.
- Dyr som skytast skal også registrerast som sette dyr.
- Tal timer som jaktlaget faktisk brukte til observasjon skal føres. Eksempel: eit jaktlag på fire jegerar har jakta i seks timer ein dag. For denne føres 4 jegerar og 6 timar.
- Jaktdagar der jegerar ikkje ser dyr skal registrerast med tal timar og tal jegerar, saman med 0 sette og 0 skutte dyr.
- Ved jakt på både elg og hjort skal det registrerast ein jaktdag for sett elg og ein egen jaktdag for sett hjort.
Legg inn data på Sett og skutt
Innsamling av jegeranes observasjonar skjer elektronisk i appen Sett og skutt, eller i Hjorteviltregisteret.no.
Jaktleder registrer på jaktfeltet
Sett hjort og sett elg registrerast på jaktfeltnivå. Det er jaktleder som har ansvar for å registrere opplysningane, men oppgåva kan delegerast til ein annan.
Korleis registera når du jaktar aleine?
Dersom fleire jakter aleine på same jaktfelt, kan kvar jeger sjølv registrere sett elg og sett hjort.
Det er altså mogleg å registrere fleire skjema på same jaktfelt og same dato. Registreringane slås saman før det lages indekser i Hjorteviltregisteret.
Rapporteringsfrist
Sett elg og sett hjort bør registrerast fortløpande etter kvar jaktdag. Siste frist for rapportering frå jaktleiar/valdansvarleg til kommunen er 14 dagar etter jakttida er slutt.
Kommunen si frist for registrering eller godkjenning av data i Hjorteviltregisteret er 30 dagar etter jakttida er slutt.
Kva brukast informasjonen til?
Saman med informasjon om tal jegerar på tal timer jakta, nyttes informasjon om observerte dyr til å lage ulike bestandsindeksar.
Desse fortel oss blant anna noko om tettleiken av dyr, kondisjonen til dyra, kor mange kalvar dei produserer og bestanden si kjønnssamansetting. Indeksane kan du sjå i Hjorteviltregisteret.
Kva med rådyr, villsvin og villrein?
For rådyr, villsvin og villrein registrerast ikkje jegeranes observasjonar. Desse tre artane har ei anna åtferd, og jakta er organisert annleis.
Utprøving av sett rådyr har ikkje gitt så gode resultat at det egnar seg som en metode.