Jord som er forureina kan utgjere fare for helse og/eller miljø. 

Vedlegg 1 i forureiningsforskrifta listar normverdiar for 58 stoff og stoffgrupper.

I lista i Kjemikaliesøk er det lagt inn stoff med CAS-nr som kjem inn under stoff og stoffgrupper vi har normverdiar for. Lista i Kjemikaliesøk er derfor meir omfattande enn lista over stoff med normverdiar i forskrifta. Lista i Kjemikaliesøk er likevel ikkje fullstendig, og det kan vere fleire stoff som omfattast av lista over normverdiar enn det som kjem fram i Kjemikaliesøk.