Noreg har eit nasjonalt mål om at bruk og utslepp av stoff på prioritetslista skal fasast ut.
Den norske prioritetslista er ikkje eit regelverk eller ei forbodsliste. Lista fungerer som eit viktig verktøy for kva stoff styresmaktene skal jobbe spesielt med, og ho gir eit viktig signal til næringslivet om at dette er stoff der det er viktig å jobbe for reduksjon i bruk eller utslepp.
Prioritetslista omfattar 81 stoff og stoffgrupper
I lista i Kjemikaliesøk er det lagt inn stoff med CAS-nr som kjem inn under stoffgruppene på prioritetslista. Lista er ikkje fullstendig, så det kan vere fleire stoff som blir omfatta av prioritetslista enn det som kjem fram her.
Verksemda sine plikter
Alle verksemder som må søke om løyve til forureining, har ansvar for å beskrive om det blir forventa utslepp av stoff på prioritetslista.
Verksemder som får løyve til å forureine må:
- overhalde vilkår for utslepp av prioriterte stoff som blir sette i løyvet
- rapportere utslepp av stoff på prioritetslista til Miljødirektoratet
Alle verksemder som produserer, omset, importerer eller bruker helse- og miljøskadelege stoff:
- er ansvarlege for å overhalde krava i kjemikalieregelverket
- skal vise varsemd og treffe risikoreduserande tiltak for å førebygge skadar på helse og/eller miljø (varsemdplikta)
Verksemder som bruker farlege kjemikalium er pliktige til å vurdere om det finst alternative stoff (substitusjon).
Miljødirektoratets ansvar og rolle
Nasjonale miljøstyresmakter jobbar med å avgrense eller forby bruken og utslepp av desse stoffa. Miljødirektoratet vurderer kontinuerleg om nye stoff skal foreslåast på prioritetslista.
Stoff som oppfyller kriteria for persistens, bioakkumulering og giftigheit (PBT/vPvB-kriteria) og tilsvarande bekymring blir tekne inn på lista. Formelt blir det vedteke nye stoff på prioritetslista gjennom budsjettbehandlinga i Stortinget. Vi stiller strenge krav og fører tilsyn med verksemder som må bruke og har utslepp av stoff som står på prioritetslista.
Styresmaktene jobbar heile tida med å vurdere korleis kjemiske stoff påverkar helsa vår og miljøet. Miljødirektoratet arbeider aktivt nasjonalt og internasjonalt for regulering av desse stoffa.