Kor mykje tungmetall og organiske miljøgifter kjem til Noreg via luft og nedbør frå andre land, og kva er dei lokale kjeldene?

Mål

Programmet har følgjande mål:

  • Gi kunnskap om det atmosfæriske bidraget av miljøgifter til det norske miljøet.
  • Gi kunnskap om miljøgifter sine langtransporterande eigenskapar.
  • Gi data som kan nyttas i regulering av nye miljøgifter og som grunnlag for utvikling av miljøgiftavtalar.
  • Gi kunnskap om endringar i nivåa av miljøgifter over tid og rom, der det er relevant.
  • Undersøkja miljøgifter i luft i Arktis og i byen og få betra kunnskap om diffuse kjelder til utslepp.
  • Så langt det er mogleg, forklara årsaka til observerte konsentrasjonar av miljøgifter

Programperiode

1990 -

Kor overvakar vi?

Birkenes, Oslo, Andøya, og Zeppelinfjellet på Svalbard. Overvakinga på Andøya avvikslast i 2022 og me startar med overvaking av miljøgifter i luft i Sofienbergparken i Oslo.

Slik overvakar vi

Gjennom programmet overvaker me eit utval organiske miljøgifter og tungmetall i luft. Nokon av miljøgiftene målase også i nedbør.

Prøvetaking, analysar og rapportering skjer kvart år. Nivåa avheng av kor lufta kjem frå.  For dei fleste miljøgiftene tek me prøver kvar veke, fordi nivåa av miljøgifter endrar seg raskt i luft.

Dette bruker vi data til

Resultata frå dette programmet blir bruk i mange samanhengar, mellom anna for å sjå om dei nasjonale miljømåla blir nådde og i arbeidet med internasjonale avtalar.

Eksemplar på avtalar er Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen, Langtransportkonvensjonen, Arctic Monitoring and Assessment Programme (Amap), Osparkonvensjonen, Samarbeidsprogrammet for overvaking og evaluering av langtransportert luftforureining i Europa (Emep) og kjemikalieregelverket Reach i EU.

Eit viktig grunnlag for stiftinga av Arctic Monitoring and Assessment Programme (Amap) og internasjonaleavtalar som Stockholm- og Minamatakonvensjonen, var nettopp dokumentasjon på at miljøgifter transporterase over store geografiske avstandar, til Arktis via luftstraumar.

Zeppelinobservatoriet ligg langt frå industrialiserte område og er lite påverka av utslepp som skuldast menneskeleg aktivitet. Dette gjer det til eit unikt referansepunkt på global skala.

Den nye overvakingsstasjonen i Sofienbergparken i Oslo vil gi ny og verdifull kunnskap om miljøgifter i luft i byen.

Kor finn du data?

Stasjonskart