Kva er ein nasjonalpark?

Ein nasjonalpark er store naturområde med særeigne eller representative økosystem. Dei kan òg vere landskap utan tyngre naturinngrep.

Desse store verneområda sikrar at samspelet i naturen ikkje blir forstyrra, og er ein viktig del av arbeidet med å hindre at plantar og dyr blir utrydda.

Korleis blir nasjonalparkane forvalta?

Nasjonalparkane blir forvalta av regionale styre med statleg oppnemnde medlemmer, til dømes politikarar eller representantar frå Sametinget.

Merkevara Noregs nasjonalparkar

Merkevara "Noregs nasjonalparkar" omfattar alle norske verneområde, autoriserte besøkssenter og autoriserte nasjonalparkkommunar- og landsbyar.

Merkevara er eit viktig verktøy for å drive god besøksforvaltning i verneområda. Forvaltninga legg til rette for lokal verdiskaping og gode naturopplevingar for dei besøkande – utan at det går på kostnad av verneverdiane.

Alle verneområde skal ha sin eigen besøksstrategi som legg grunnlaget for riktig bruk av merkevara. Nokre område har behov for mykje informasjon, andre langt mindre. Alle skal følgje systemet til merkevara for å kommunisere, både digitalt og på fysiske flater.

Designmanual for Noregs nasjonalparkar

Den visuelle identiteten til merkevara bygger på konseptet portal. Ein portal er ein inngangsport, men her òg eit symbol på overgangen mellom to dimensjonar; det kultiverte og det naturlege. Vi ønsker våre besøkande Velkommen inn! Ein samlande, visuell identitet opnar porten til nye opplevingar, senkar terskelen for besøk og aukar kunnskapen om naturen.