Hardangervidda er eit særleg verdifullt høgfjellsområde, og er Noregs største nasjonalpark. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og dei største delbestandane av mange fåtalige fugleartar i Sør-Noreg. Vidda byr på eit stort plantemangfald i skjeringspunktet mellom austlege og vestlege artar .

Nasjonalparken ligg i Odda, Ullensvang, Eidfjord, Hol, Nore og Uvdal, Tinn og Vinje kommunar i Hordaland, Telemark og Buskerud fylke.

Tilgrensande verneområde

Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde og Møsvatn Austfjell landskapsvernområde.

Verneformålet til Hardangervidda nasjonalpark

Utdraget under er henta fra § 2 i Forskrift om vern for Hardangervidda nasjonalpark:

Føremålet med Hardangervidda nasjonalpark er å

  • verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart

Kva for restriksjonar som gjeld i nasjonalparken kan du lese om i verneforskriften § 4.

Nasjonalparksenter

Knytta til Hardangervidda nasjonalpark er Besøkssenter Hardangervidda nasjonalpark Skinnarbu og Besøkssenter Hardangervidda nasjonalpark Eidfjord.

Sentra skal

  • være ein åpen dør til naturen og naturopplevelsar
  • informere om nasjonalparker og naturvern
  • skape forståing for vern av sårbare naturtypar og artar og verdia av store samanhengande naturområde.

Forvaltning av nasjonalparken

Klima- og miljødepartementet har delegert myndigheit for å forvalte nasjonalparken til tre fylkesvise tilsynsutval hjå fylkesmennene i Vestland, Oslo og Viken, og Vestfold og Telemark.

Flere fakta om nasjonalpark og vernet natur

Turistinformasjon

Merkevaren Norges nasjonalparker

Nasjonalparkene er en del av merkevaren "Norges nasjonalparker" som omfatter alle norske verneområder, autoriserte besøkssentre og autoriserte nasjonalparkkommuner- og landsbyer.

Merkevaren er et viktig verktøy for å drive god besøksforvaltning i verneområdene. Dette innebærer at forvaltningen legger til rette for lokal verdiskaping og gode naturopplevelser for de besøkende uten at det går på bekostning av naturverdiene.