Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell med arktisk klima. Jostedalsbreen har ei samanhengjande lengde på vel 6 mil og dekkjer omlag 40 prosent av nasjonalparken. Verdiar knytt til brear, breelvar, morenar og vegetasjon er viktige vernekvalitetar. Kulturlandskapet i stølsdalane har også stor verdi.

Nasjonalparken ligg i Luster, Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn kommunar i Sogn og Fjordane fylke.

Tilgrensande verneområde

Breheimen nasjonalpark og Nigardsbreen naturreservat.

Verneformålet til Jostedalsbreen nasjonalpark

Utdraget under er henta frå kapittel 3 i Forskrift om vern av Jostedalsbreen nasjonalpark:

Føremålet med nasjonalparken er:

  • å verne eit stort, variert og verdfullt breområde med tilhøyrande område frå lågland til høgfjell, med plante- og dyreliv og geologiske førekomstar i naturleg eller i det vesentlege naturleg tilstand
  • å gje høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging
  • å verne om kulturminne og kulturlandskap

Kva for restriksjonar som gjeld i nasjonalparken kan du lese om i verneforskriften kapittel 4.

Nasjonalparksenter

Knytta til Jostedalsbreen nasjonalpark er Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark, Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark Oppstryn og Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark Fjærland.

Nasjonalparksentra skal

  • være ein åpen dør til naturen og naturopplevelsar
  • informere om nasjonalparker og naturvern
  • skape forståing for vern av sårbare naturtypar og artar og verdia av store samanhengande naturområde

Forvaltning av nasjonalparken

Klima- og miljødepartementet har delegert myndigheit for å forvalte nasjonalparken til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

I tillegg er ein nasjonalparkforvaltar ansatt hos fylkesmannen som sekretariat for styret. Vedkommande er underlagt styret i det som handlar om forvaltninga av verneområdet og har i oppgave å sikre god kontakt med, og ha kunnskap om, lokalmiljøet.

Forvaltaren skal og sjå til at forvaltninga skjer i samsvar med internasjonale forpliktingar nasjonale føringar, naturmangfoldlova og verneforskriften til  området.

Fleire fakta om nasjonalpark og verna natur

Turistinformasjon

Merkevaren Norges nasjonalparker

Nasjonalparkene er en del av merkevaren "Norges nasjonalparker" som omfatter alle norske verneområder, autoriserte besøkssentre og autoriserte nasjonalparkkommuner- og landsbyer.

Merkevaren er et viktig verktøy for å drive god besøksforvaltning i verneområdene. Dette innebærer at forvaltningen legger til rette for lokal verdiskaping og gode naturopplevelser for de besøkende uten at det går på bekostning av naturverdiene.