Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper.

Nasjonalparken ligg i Norddal og Rauma kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Lesja, Lom, Skjåk og Vågå kommunar i Oppland fylke.

Tilgrensande verneområde

Finndalen landskapsvernområde, Ottadalen landskapsvernområde, Lordalen landskapsvernområde, Romsdalen landskapsvernområde, Trollstigen landskapsvernområde, Tafjord-Reindalen landskapsvernområde, Einstullie naturreservat og Brettingsmoen naturreservat.

Verneformålet til Reinheimen nasjonalpark

Utdraget under er henta fra § 2 i verneforskriften for Reinheimen nasjonalpark:

Formålet med oppretting av Reinheimen nasjonalpark er å:

  • ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega fjellområde
  • ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald
  • ta vare på sentrale leveområde til villreinstammen i Ottadalen nord
  • ta vare på eit viktig referanseområde for forsking med ein aust-vest gradient med stor variasjonsbreidde i høve til geologi, klima, vegetasjon og topografi
  • ta vare på landskapsformer og særprega geologiske førekomstar
  • ta vare på vassdragsnaturen i området
  • verne om kulturminne.

Kva for restriksjonar som gjeld i nasjonalparken kan du lese om i verneforskrifta § 3.

Nasjonalparksenter

Tilknytta Reinheimen nasjonalpark er Besøkssenter nasjonalpark Jotunheimen Breheimen Reinheimen.

Nasjonalparksenteret skal

  • være ein åpen dør til naturen og naturopplevelsar
  • informere om nasjonalparker og naturvern
  • skape forståing for vern av sårbare naturtypar og artar og verdia av store samanhengande naturområde

Forvaltning av nasjonalparken

Klima- og miljødepartementet har delegert myndigheit for å forvalte nasjonalparken til Reinheimen nasjonalparkstyre.

I tillegg er ein nasjonalparkforvaltar ansatt hos fylkesmannen som sekretariat for styret. Vedkommande er underlagt styret i det som handlar om forvaltninga av verneområdet og har i oppgave å sikre god kontakt med, og ha kunnskap om, lokalmiljøet.

Forvaltaren skal og sjå til at forvaltninga skjer i samsvar med internasjonale forpliktingar nasjonale føringar, naturmangfoldlova og verneforskriften til  området.

Flere fakta om nasjonalpark og vernet natur

Turistinformasjon

Merkevaren Norges nasjonalparker

Nasjonalparkene er en del av merkevaren "Norges nasjonalparker" som omfatter alle norske verneområder, autoriserte besøkssentre og autoriserte nasjonalparkkommuner- og landsbyer.

Merkevaren er et viktig verktøy for å drive god besøksforvaltning i verneområdene. Dette innebærer at forvaltningen legger til rette for lokal verdiskaping og gode naturopplevelser for de besøkende uten at det går på bekostning av naturverdiene.