Krossfjorden, Ytre Hardangerfjorden og Dalsfjorden i Vestland fylke, og Kråkvåg og Bjugnfjorden i Trøndelag er nye marine verneområde. 

Her er lenkje til pressemeldinga til regjeringa:

Krossfjorden 

Formålet med Krossfjorden marine verneområde er å ta vare på eit spesielt og uvanleg djupt kystområde med særprega biologisk mangfald  knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, særprega kalkalgar og store areal med tareskog som aldri har vore kommersielt hausta, samt eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Området omfattar eit areal på 193 km2.

Ytre Hardangerfjorden 

Formålet med Ytre Hardangerfjorden marine verneområde er å ta vare på eit spesielt og djupt kystområde med særeigne naturforhald, der ein stor undersjøisk morenerygg og sterk straum gir gode tilhøve for eit rikt og mangfaldig dyreliv med mellom anna førekomstar av korallar og svampar, store førekomstar av fjørstjerna lofotsjølilje Rhizocrinus lofotensis, og den sjeldne hornkorallen Isidella lofotensis, samt mykje av brislingbestanden i Hardangerfjorden i delar av året, eit regionalt viktig gytefelt for torsk og viktige oppvekst- og beiteområde for kysttorsk. Området omfattar eit areal på 68 km2.

Dalsfjorden 

Formålet med Dalsfjorden marine verneområde å ta vare på ein særeigen, avskjerma og representativ fjord forma av innlandsisen sine utgravingar gjennom fleire istider. I Dalsfjorden er det sjeldan og sårbar natur som representerer bestemte naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi, både biologisk og geologisk. Området har spesielle straumtilhøve og ein uvanleg kombinasjon av stor ferskvasstilførsel og artsrike hardbotnsamfunn, og eit nasjonalt verdfullt estuarområde inst i fjorden. Dalsfjorden er eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Området omfattar eit areal på 11 km2.

Kråkvåg og Bjugnfjorden 

Formålet med Kråkvåg og Bjugnfjorden marine verneområde er å ta vare på eit område som inneheld trua, sjeldan og sårbar natur, representerer bestemte typar natur og som har særskilt naturvitskapleg verdi. Området er et variert med store gruntområder med skjelsand- og mudderbotn, samt nokre djupare parti. Variasjonen i naturtypar, gir eit relativt rikt og mangfaldig plante- og dyreliv og som igjen gjer området til eit svært viktig leve- og næringssøkområde for fugl og fisk. Området omfattar eit areal på 118 km2.