Pil ned varseltrekant Høringsfristen for denne høringen er utløpt

Høringer
Hydro Aluminium Årdal sine løyve til produksjon av aluminium og anodar blir revidert

Høringsnummer
Frist
07.01.2021
Tema
Industri på land
Publisert
09.12.2020

Miljødirektoratet skal revidere løyva etter forureiningslova for Hydro Aluminium i Årdal. Nye krav i EU sitt industriutsleppsdirektiv, som er implementert i kapittel 36 i forureiningsforskrifta, medfører at norske styresmakter skal vurdere nye og strengare utsleppsgrenser. Miljøstyresmakta skal difor revidere alle løyva til verksemder etter forureiningslova for aluminiumsbransjen.

Bedrifta har gjort greie for om verksemdene blir drivne etter prinsippet om bruk av beste tilgjengelege teknikkar (BAT). Bedrifta har vidare samanlikna si verksemd og utsleppa sine med det Europeiske referansedokumentet som gjeld for bransjen, og vurdert om dei overheld dei juridisk bindande utsleppsnivåa som er assosierte med bruken av BAT.

Bedrifta søker samtidig om å få halde oppe dei mellombels auka utsleppsgrensene for fluorid til luft frå metallverket.

Søknaden og andre relevante dokument ligg nedst på denne sida. Våre referansar er 2019/2136.

Eventuelle kommentarar skal sendast til Miljødirektoratet via denne sida. Kommentarane vil ligge på høyringssida og blir synleg for alle interesserte. Vedtaket finn du i vår postjournal (www.einnsyn.no) og i Norske utslipp norskeutslipp.no etter at saka er avgjort.