Høringer
Forslag om å endre avfallsforskrifta kapittel 13 med oppdatert liste for grensekryssande avfallsendingar til ikkje-OECD land.
Miljødirektoratet foreslår å gjennomføre endringar i avfallsforskrifta kapittel § 13- 1, tredje ledd, om grensekryssande sendingar av avfall, etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Avfallsforskrifta kapittel 13 gjennomfører Noreg sine plikter av EU si grensekryssforordning (EF) nr.1013/2006. Endringa i avfallsforskrifta gjeld eksport av visse typar avfall til land der OECD sitt vedtak om kontroll med grensekryssande transport av avfall ikkje er gjeldande (vidare kalla "ikkje-OECD- land").
I tråd med artikkel 37 i EU si grensekryssforordning, pliktar kommisjonen å regelmessig oppdatere ei oversikt som syner kva avfallsfraksjonar ikkje-OECD land kan ta imot for materialattvinning. Dette gjer dei ved å be om ei tilbakemelding frå kvart enkelt ikkje-OECD land om kva som er gjeldande kontrollprosedyre i deira land for avfall som er lista opp i vedlegg III og IIIA i grensekryssforordninga. Oversikta blir publisert i (EF) forordning nr.1418/2007.
Dersom eit ikkje-OECD land ikkje har oppgitt informasjon til kommisjonen om kva som er gjeldande prosedyre i sitt land, er det prosedyre for skriftleg samtykke som gjeld. Det er to endringsrettsakter tilknytt forordning nr. 1418/2007 som er bakgrunn for forslag til endring i avfallsforskrifta kapittel 13. Begge rettsaktene er vedtekne og gjeldande i EU.
Miljødirektoratet har fått i oppdrag frå Klima og Miljødepartementet (KLD) om å gjennomføre begge rettsakter i norsk lovverk. I samråd med KLD blir desse behandla under ein og same gjennomføringsprosess.
Høyringsnotat og utkast til forskrift ligge nederst på denne sida.
Innspel skal sendast til Miljødirektoratet på denne sida, ikkje til Miljødirektoratet sitt postmottak. Innspel vil ligge på høyringssida og blir synleg for alle interesserte.
Gi høringsuttalelse
Høringsfristen for denne høringen er utløpt
Høringer
Se alle-
Høring publisert 22.01.2026
Frist: 18.02.2026
Olje og gass
Harbour Energy søker om tillatelse til drift og produksjon på Dvalin Nord
-
Høring publisert 19.01.2026
Frist: 19.02.2026
Olje og gass
Equinor søker om boring av letebrønn 34/10-56 S Rav Beta i Nordsjøen
-
Høring publisert 02.02.2026
Frist: 20.02.2026
Arter og naturtyper, Grensekryssende og internasjonalt, Regelverk
Høring av CITES-forskrift - endring i vedlegg 1 - artsliste