Engebø Rutile and Garnet AS søker om midlertidig løyve etter forureiningslova
Engebø Rutile and Garnet AS søker om midlertidig løyve etter forureiningslova. Søknaden omhandlar tre års drift av gruveanlegg med tilhøyrande deponering av avgangsmassar i sjødeponi i Førdefjorden. Bedrifta søker også om utprøving av nytt flokkuleringsmiddel (vedlegg 11 i søknaden).
Søknadsdokumentet med vedlegg ligg nedst på sida.
Då det er viktig å få raskt avklart søknaden, blir saka med dette send på høyring med fire vekers fråsegnsfrist, jf. forureiningsforskrifta 36-8 første ledd.
Eventuelle fråsegn skal sendast til Miljødirektoratet via denne sida, ikkje til Miljødirektoratets postmottak. Fråsegner vil ligge på høyringssida og blir synlege for alle interesserte.
I tillegg til dokumenta som ligg ved søknaden, viser søker til tidlegare innsendte opplysningar som grunnlag for søknaden. Dette heng saman med at søker tidlegare har fått innvilga søknad om løyve etter forureiningslova til same type verksemd, men da i større utstrekning i tid og i masser som skal deponerast. For ordens skuld finn du lenker til dokumenter som har vore på høyring her: Industri og gruver - miljodirektoratet.no
Klima- og miljødepartementet vil handsame søknaden og fatte vedtak i saka.Gi høringsuttalelse
Høringsfristen for denne høringen er utløpt
Høringer
Se alle-
Høring publisert 05.08.2026
Frist: 09.09.2026
Olje og gass
Equinor Energy AS søker om tillatelse til boring av letebrønn 6406/12-6 Bekkeblom
-
Høring publisert 12.08.2026
Frist: 09.09.2026
Olje og gass
Vår Energi søker om boring av letebrønn 25/8-25 Ringhorne Nord Appraisal
-
Høring publisert 18.08.2026
Frist: 15.09.2026
Olje og gass
Equinor søker om tillatelse til boring av avgrensningsbrønn 33/9-F-4 DH Kyllinglår i Nordsjøen