Ein stor del av tankane er ståltankar lagt ned på 1960- og 70-talet. Tankane og tilkopla røyrsystem vert utsett for både innvendig og utvendig korrosjon.

Dei mest alvorlege problema oppstår ved forureining av grunn og vassressursar, men innemiljø i hus kan og bli skadelidande ved lekkasjar frå slike tankar.

Kommunen er myndigheit

Miljødirektoratet oppmodar alle kommunar, som i dag ikkje har lokal forskrift for nedgravne oljetankar, om å vedta ei slik forskrift så snart som mogleg. Me oppmodar òg kommunen om å inkludere nedgravne tankar som er mindre enn 3200 liter i verkeområdet for den lokale forskrifta.

Bakgrunnen for dette er at forbodet mot fyring med mineralolje, som trer i kraft i 2020, vil føre til at ei auka mengd med tankar skal tas ut av bruk og behandlast dei nærmaste åra.

Kommunen er mynde for desse tankane uansett om dei har ei lokal forskrift eller ikkje, men ei lokal forskrift vil gje føreseielege krav for tankeigarar i kommunen og lette kommunen si sakshandsaming.

Nedgravne bensintankar kjem ikkje under kapittel 1

Nedgravne bensintankar er ikkje ein del av forureiningsforskriftas kapittel 1. Denne forskrifta gjeld kun for nedgravne oljetankar som brukast til oppbevaring av til dømes diesel, parafin og fyringsolje.

Dette skuldast at petroleumsprodukt med flammepunkt lågare enn 23 °C, som det er knytt særskild brann- og eksplosjonsfare til, er unnateke føresegnene i forureiningsforskrifta kapittel 1. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har forskrifter og rettleiing om dette.

Krav til tankeigar som handterer negravne oljetankar

Tankeigar har plikter anten kommunen har fastsett forskrifta eller ikkje

Tankeigaren har ansvarfor at tankane er i forsvarlig stand og opererast slik at forureining vert unngått for forureining som måtte oppstå frå tanken, og for kostnadane ved å rydde opp

Dette følgjer av forureiningslova § 7. Ved førespurnadar kan det kan vere lurt av kommunen å forklare tankeigar sitt ansvar. Dette gjeld uavhengig av kva krav kommunen stiller.

Krav til aktørar som handterer nedgravne oljetankar

Kommunen skal stille kvalifikasjonskrav til dei som skal utføre tilstandskontroll på nedgravne tankar, men ikkje til dei som skal tømme, reingjere, fjerne eller fylle att nedgravne tankar. Dette er forankra i forureiningsforskrifta kapittel 1.

Kommunen kan likevel ha nytte av å vite om anna regelverk som gjeld for slikt arbeid med oljetankar, til dømes der kommunane sjølv eig og driv avfallsmottaka som tek imot tankar som gravast opp.

Til dømes vil restolje som hentast ut av tankane vere farleg avfall, og skal leverast til lovleg avfallsmottak. Verksemder som mellom anna tømmer og reingjer oljetankar, pliktar å deklarere dette farlege avfallet ved levering til avfallsmottaket. Denne plikta er forankra i avfallsforskrifta kapittel 11.

Denne ordninga har erstatta tidlegare krav, som er nemnd i rettleiaren til forskrifta om nedgravne oljetankar frå 1997.

Arbeidstilsynet har òg føresegner for verksemder som utfører arbeid i eller på nedgravne oljetankar, som skal sikre at arbeidet ikkje medfører nokon brann- eller helsefare. Dette er forankra i forskrift om utførselse av arbeid 

Miljødirektoratet driv inga ordning for godkjenning eller sertifisering av verksemder som tømmer, reingjer og fjernar eller fyller igjen nedgravne oljetankar. Verksemdene er likevel omfatta av plikta i forureiningslova § 7 til å gjere tiltak for å hindre at forureining kan inntreffe. Dette stiller krav til at den som utfører jobben må ha nødvendig og relevant kompetanse.

Har du ytterligere spørsmål?