Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Miljødirektoratets strategi for 2020-2025

Miljødirektoratet vart oppretta 1. juli 2013 etter ei samanslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) (tidlegare Statens forureiningstilsyn, SFT).