Rammene våre

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi er fagleg uavhengige. Det inneber at vi opptrer sjølvstendig når vi avgjer enkeltsaker, formidlar kunnskap eller gir råd.

Samtidig er vi underlagt politisk styring. Lovverk, stortingsmeldingar og -proposisjonar, verksemdsinstruksen og det årlege tildelingsbrevet set rammene for aktiviteten vår. Her blir det fastsett kva verkemiddel vi forvaltar, budsjettrammer og retningslinjer for å gjennomføre og prioritere innsatsen.

Samfunnsoppdraget vårt

Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale miljømåla og verkemidla som blir stilte til rådvelde. Jobben vår er å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag, setje politikken ut i livet og å gi underlag for politikkutviklinga.

Vi har fem funksjonar, som vi utøver på alle dei klima- og miljøpolitiske resultatområda vi har ansvar for:

Sektorovergripande rolle i alle funksjonar

Klima- og miljøutfordringane, og verkemidla for å løyse dei, er sektorovergripande. Mange av dei nasjonale miljømåla kan ikkje nåast av oss åleine, men føreset innsats frå fleire styresmakter.

Vi forvaltar kunnskap og verkemiddel og gir råd på område som rører kunnskapsgrunnlaget til andre sektorstyresmakter, forvaltningsområde og mål.

Det er ansvaret vårt å bidra til samhandling og koordinering av kunnskap og innsats på tvers av sektorar og verkemiddel.