Miljødirektoratet i Trondheim
Vi har kontor på Brattøra i Trondheim.
- Adresse: Brattørkaia 15, sjå kart.
- Miljødirektoratet er næraste nabo til Rockheim, det nasjonale senteret for populærmusikk.
- Dei fleste bussane stoppar no ved Trondheim sentralstasjon.
Sjå AtBs reiseplanleggar (finst òg som mobil-app). - Til fots frå Trondheim sentralstasjon: gå gangbrua over togskjenene mot kaia. Ta til høgre og gå cirka 200 meter.
- Buss nummer 25 stoppar ved haldeplassen (hurtigbåtterminalen) rett utanfor Miljødirektoratet. Han går til Trondheim sentrum, før han fortset mot Vikåsen.
- Buss nummer 21 stoppar utanfor Pirbadet, like rundt hjørnet til Clarion Hotel.
- Både Værnesekspressen og Flybussen går frå Trondheim sentralstasjon (køyrar innom Clarion Hotel & Congress etter avtale med hotellresepsjonen).
- Du kan òg reise til og frå flyplassen med tog.
- Ta toget heile vegen: Sjå nettsidene til VY.