Vi i Miljødirektoratet er opptatt av dei små detaljane og den store samanhengen, av tiltak som nyttar og av å forvalte verkemidla i miljøpolitikken på ein fornuftig måte, på tvers av ulike sektorar i samfunnet.

Liste med ledige stillingar

Stillingane under ligg annonserte hos Jobbnorge og blir lista automatisk opp når noko er ledig.

Dette jobbar vi med

Miljødirektoratet jobbar for eit rikt og reint miljø, og vi har eit stort ansvar i klima- og miljøforvaltninga. Naturmangfald, klima, hav, biodiversitet, sirkulær økonomi, friluftsliv, avfall, forureining og kjemikalium er nokre av områda som våre tilsette har ansvar for.

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet i vanskelege spørsmål, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, gjennomfører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat og finansierer opprydning av marin forsøpling.

I tillegg har vi eit solid fagleg miljø i organisasjonsavdelinga vår, der vi mellom anna jobbar med å samordna innkjøpsfunksjonen for heile miljøforvaltninga og i tillegg gjennomfører vi store drifts- og utviklingsoppgåver innanfor IT.

Våre tilsette

Kompetansen og erfaringa til våre tilsette er grunnlaget for alt vi gjer.

Vi har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet.

Over 90 prosent av dei tilsette har høgare utdanning (bachelor, master, ph.d). Hos oss jobbar mellom anna sivilingeniørar, biologar, juristar, samfunnsøkonomar, naturforvaltarar og folk med brei administrativ kompetanse, mellom anna i IT.

Oppgåvene våre er ofte tverrfaglege

Det er heilt avgjerande for arbeidet at vi har eit godt samspel på tvers av organisasjonen. Dette betyr at tilsette med ulik utdanning samarbeider om å løyse oppgåver. Dette sikrar fagleg tyngde i leveransane våre, i tillegg til læring og utvikling internt.

Dei tilsette jobbar òg i stor grad sjølvstendig og bruker sin spesialiserte kompetanse og personlege eigenskapar inn i arbeidet, både i saksbehandling, ved tilsyn/overvaking og som leiarar.

Kva vi tilbyr