Miljøfyrtårn og standardar

Drift av Miljødirektoratet ved kontora i Trondheim og Oslo er sertifisert i 2018. Gjennomgangen viste null avvik.

Miljøvennlig verksemd

Miljødirektoratet skal i all eiga drift handle miljømedvitent og stimulere sine tilsette og leverandørar til å gjere det same ved å;

  • Redusere miljøbelastninga av eiga drift som innkjøp, avfall, reiseverksemd, bygg og energi.
  • Overhalde relevant miljøregelverk, lovfesta krav og andre krav som vi pålegg oss når det gjeld miljøaspekta våre.
  • Setje interne miljømål og arbeid for kontinuerlege forbetringar.
  • Motivere tilsette og leverandørar til aktiv innsats for miljøforbetringar.
  • Handle på ein måte som gjer at vi er eit godt døme for andre verksemder.

Standardar som verkemiddel for eit reint og rikt miljø

Standardisering er eit viktig verkemiddel for at styresmaktene kan sikre at miljøkrav for produkt og tenester blir overhalde.

Miljødirektoratet har ein samarbeidsavtale med Standard Noreg. Intensjonen er ein meir effektiv bruk av standard som verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Samarbeidsavtalen mellom Miljødirektoratet og Standard Noreg inneber årlege kontaktmøte/dialogmøte. Dette gir miljøforvaltinga betra oversikt over kva standardiseringsprosessar som er viktige for gjennomføringa av norsk miljøpolitikk.