Gjer det enkelt å finne fram i teksten
Overskrifta skal fortelje mottakaren kva teksten handlar om.
Skriv hovudbodskapen i overskrifta
Overskrifta skal fortelje mottakaren kva teksten handlar om.
Vi les overskriftene først, og dei står ofte åleine, blant anna i oversikter over søkjeresultat. Gjer overskrifta informativ og unik, slik at saka ikkje blir forveksla med andre saker.
Døme på informative overskrifter i vedtak:
- Løyve til å innføre kongepyton frå Danmark
- Pålegg om å gjennomføre tiltak for å rydde opp i forureina grunn ved Fabrikken i Bamble kommune
Sei det viktigaste først
Det som er viktigast for deg som skribent, er ikkje alltid det viktigaste for mottakaren. Set det som er viktigast for mottakaren, først eller langt framme i teksten. Til dømes skal sjølve vedtaket stå først i eit vedtaksbrev.
Dersom mottakaren må gjere noko, skal det tidleg komme tydeleg fram i teksten. Er hovudbodskapen samansett, startar du med ei oversikt, til dømes eit samandrag.
Lag ein luftig tekst med mange avsnitt
Klart språk handlar også om visuell utforming. Det betyr at det skal vere ryddig og enkelt å finne fram i teksten.
Ei god inndeling i avsnitt gir både deg og mottakaren god oversikt over innhaldet. Del derfor lange tekstar inn i avsnitt, og set avsnitta i ei rekkjefølgje som er logisk for mottakaren.
Lag mellomoverskrifter som svarer til innhaldet i avsnitta
Hovudpoenget i ein tekstdel (eitt eller fleire avsnitt) bør kunne samanfattast i ei mellomoverskrift. Ideelt sett skal ein lesar kunne få eit inntrykk av innhaldet i ein tekst berre ved å skumme mellomoverskriftene.
Heile setningar gir ofte gode mellomoverskrifter. Døme:
- Elektriske hurtigbåtar kan kutte utslepp nasjonalt og internasjonalt
Bruk punktlister
Punktlister er nyttige for å vise fram viktige oppramsingar i teksten. Pass på at innleiingsorda og punkta heng godt saman. Punkta skal ha same form. Du kan innleie punktlista med enkeltord, frasar eller heile setningar.
Dette er reglane for punktlister:
- Når punkta ikkje er fullstendige setningar, skal det vere liten forbokstav og ikkje punktum.
- Når punkta er fullstendige setningar, skal det vere stor forbokstav og punktum, slik som i denne punktlista.
- Det skal ikkje vere komma etter punkta.
- Alle punkta skal ha lik grammatisk form, til dømes berre heilsetningar, berre at-setningar eller berre infinitivsfraser.
Set punktum
Teksten er god å lese når setningane er passe lange. Lengda kan gjerne variere litt, men ikkje vent for lenge med å setje punktum.
Har du fleire og/eller/men/for/som i ei setning, er det ofte eit signal om at du kan dele opp setninga.