Skriv aktivt – få tydeleg fram kven som skal gjere kva
Skriv aktivt når du kan.
Det betyr at du skriv kven (subjekt) som gjer noko (verb). Når subjektet utfører handlinga, har vi ei aktiv verbform:
- Eg skriv aktivt.
I ei passiv setning forsvinn den som gjer noko:
- Det kan skrivast passivt.
- Det blir skrive passivt.
Vi kan skrive passivt når bodskapen er kva som skal gjerast, ikkje kven som skal gjere det. Vi kan også skrive passivt når det kjem tydeleg fram av samanhengen kven som handlar, når vi ikkje veit kven som handlar, eller når det er eit poeng å ikkje seie kven som handlar.
Her er nokre døme:
- Retningslinjene må oppdaterast.
- Du kan klage på vedtaket. Klaga blir send til Miljødirektoratet.
- Vi tilrår at det blir etablert produsentansvar for plastavfall frå fiskeri.
- Teieplikta vart broten.
Unngå substantivsjuke
«Substantivsjuke» handlar om at vi bruker substantiv i staden for verb.
Døme:
- Vi gjennomfører ei vurdering (substantivering).
- Vi vurderer (verb).
Som regel er det betre å bruke verb for å vise mottakaren kva som faktisk går føre seg. Når du bruker verb, gjer du teksten mindre abstrakt og lettare å lese. Ord som sluttar på -ing eller -else, kan du vurdere å byte ut.
Døme:
- Desse kan fåast ved førespurnad i resepsjonen. (Passivt språk + )
- Desse kan du få viss du melder deg i resepsjonen. (Aktivt språk + )