Tips og varslar om ulovlege miljøforhold

Miljødirektoratet ønsker tips og varslar om moglege ulovlege miljøforhold.

Døme på ulovlege miljøforhold:

  • Ulovleg utslepp til luft, vatn og grunn.
  • Import og sal av ulovlege produkt, kjemikalium, trua artar eller framande organismar.
  • Ulovleg fiske og jakt, ulovleg snøskuterkøyring, ulovlege garn.
  • Misbruk av middel frå tilskotsordningar.

Vi svarer ikkje på kommentarar og meiningsytringar.

Ikkje alle mistankar om ulovlege miljøforhold skal meldast til Miljødirektoratet

Før du sender inn tipset eller varselet ditt, sjekk gjerne om det er  Statsforvaltaren eller kommunen som er rette myndigheit til å følgje opp tipset ditt.

Kommuner har ansvaret for:

  • forsøpling.
  • kommunale miljøstasjonar for avfall
  • kommunalt avløpsvatn og private avløpsanlegg
  • lokal luftkvalitet
  • nedgravde oljetankar
  • påslepp frå motorverkstader og vaskehallar
  • støy (motorsportsbanar, skytebanar, vindmøller)

Statsforvaltaren har ansvaret for:

  • asfaltverk
  • avfallsanlegg – avfallsmottak – avfallsdeponi
  • avfallsforbrenning
  • interkommunale avløpsanlegg
  • biloppsamlingsplassar
  • brannøvingsplassar
  • fiskeoppdrett
  • fôrproduksjon
  • forureina sjøbotn ved skipsverft
  • flyplassar (unntatt Oslo Gardermoen)
  • forureining frå anleggsverksemd
  • grunnforureining
  • mineralsk industri - pukkverk, steinindustri og betongproduksjon
  • mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag
  • næringsmiddelindustri
  • vaskeri og renserier
  • verkstadar/mekanisk industri – overflatebehandling, pulverlakkering og galvanisering med vidare
  • skytebanar
  • treforedling og trebearbeiding