Derfor er tips og varsling viktig

For samfunnet og for arbeidslivet er det viktig å avdekke kritikkverdige forhold, inkludert moglege ulovlege miljøforhold.

Dette er tips

  • Meldingar om mistanke om ulovlege miljøforhold frå andre enn tilsette i ei verksemd det blir tipsa mot: nabo, publikum, tilsette i ei anna verksemd, osb.
  • Miljødirektoratet tar unna informasjon frå offentlegheita om kven som har tipsa oss om miljøsaker (offentleglova § 24 annet ledd).

Dette er varslar

Meldingar om mistanke om kritikkverdige forhold frå tilsette – inkludert innleidde – i verksemda som tilsette varslar mot.

Ved ekstern varsling seier arbeidstakaren ifrå til nokon utanfor verksemda som har moglegheit til å rette på forholdet, til dømes til ei offentleg styresmakt.

Tilsette som varslar om ulovlege miljøforhold, er verna mot offentleggjering og gjengjelding frå arbeidsgivar (arbeidsmiljølova kapittel 2 A om varsling).

Rett til å varsle offentlege myndigheiter

Kritikkverdige forhold du kan varsle om

  • Brot på lover og reglar.
  • Brot på dei interne retningslinjene for ei verksemd.
  • Brot på etiske normer som er breitt forankra i samfunnet.

Dette kan du varsle Miljødirektoratet om

  • Utslepp til luft, vatn og jord frå landbasert industri og offshoreverksemd, som ikkje er delegert til Statsforvaltaren.
  • Import og eksport av avfall, og handtering av farleg avfall og elektriske og elektroniske avfall.
  • Ulovleg sal av forbrukarprodukt – på grunn av kjemiske, hygieniske, og lydeigenskapar – kjemikalium, og biocid.
  • Manglande sertifisering av verksemder som installerer og held ved like varme- og kjøleanlegg som nyttar fluorholdige gassar.
  • Ulovleg innførsel, utførsel, eigedom og omsetning av internasjonalt trua artar (Cites), innførsel, utsetjing og omsetning av framande artar, og genmodifiserte organismar, som ikkje høyrer til Mattilsynets myndigheit.
  • Ulovleg motorisert ferdsel i utmark og vassdrag.
  • Ulovlege inngrep og tiltak i verneområde.
  • Ulovleg utøving av jakt, fiske og fangst, til dømes ulovlege garn.
  • Misbruk av tilskotsordningar

Dette bør eit varsel innehalde

For at vi skal kunne behandle varselet best mogleg, er det ein fordel om du framstiller saka skriftleg, gjerne med døme og dokumentasjon.

  • Kva har skjedd? Brot på lover og reglar, brot på etiske normer eller interne retningslinjer?
  • Kor skjedde det?
  • Når skjedde det?
  • Kva er omfanget?
  • Finnes det vitne eller dokumentasjon som kan underbygge opplysningane om det kritikkverdige forholdet?
  • Det er òg ein fordel at du legg ved kontaktopplysningar slik at vi kan kontakte deg dersom det er behov for meir informasjon om det kritikkverdige forholdet.

Slik følgjer Miljødirektoratet opp kritikkverdige forhold

  • Vi stadfestar alle varsel som blir sende/blir registrerte i systemet vårt med ein e-post.
  • Ved behov følgjer vi opp varslar med tilsyn eller kontroll.
  • Vi vurderer alle varsel fortløpande.
  • I denne fasen kan du bli kontakta for å gi utfyllande informasjon om forholdet.
  • Personar som varslar offentlege styresmakter om kritikkverdige forhold, blir sjeldan sedde på som part i saka. Det inneber at du som varslar, som hovudregel ikkje kan forvente å bli informert om status i saka eller korleis det kritikkverdige forholdet blir følgt opp av Miljødirektoratet. Du kan eventuelt ta kontakt skriftleg og be om opplysningar i saka.

Dette bør du tenke på før du varslar

  • Verksemda di skal ha rutinar for varsling. Bli kjent med rutinen og bruk han som utgangspunkt for varsling.
  • Varsling er viktig. Samtidig kan varsling vere ein vanskeleg prosess å stå i. Prat med nokon du stoler på, før du varslar. Ikkje gå med eventuelle bekymringar åleine. Tillitsvalte, verneombod og bedriftshelsetenesta kan vere gode samtalepartnarar.
  • Varsling kan vera belastande og er ofte ei tids-, energi- og ressurskrevjande prosess. Tenk gjennom livssituasjonen din og vurder om du toler den påkjenninga som varsling kan innebere.
  • Vêr oppmerksam på at ved oppfølging av varsel om kritikkverdige forhold, har Miljødirektoratet plikt til å opplyse saka tilstrekkeleg. Dette kan bety at vi har behov for å stille oppfølgingsspørsmål, til dømes til arbeidsgivar.

Forbod mot gjengjelding

  • Alle formar for gjengjelding mot arbeidstakarar som varslar – eller som gir til kjenne at dei planlegg eller vurderer å varsle – er forbode.
  • Forbodet gjeld òg overfor innleidde arbeidstakarar (arbeidsmiljølova §2A-2 om vern mot gjengjelding ved varsling).
  • Gjengjelding vil seie alle former for straff eller negative reaksjonar. Ho kan vere formell i form av arbeidsrettslege sanksjonar som oppseiing, avskjed eller skriftleg varsel.
  • Gjengjelding kan òg vere uformell i form av endra arbeidsoppgåver, redusert ansvar, utfrysing, mobbing, med meir.

Vi skjuler namnet ditt

  • Ved varsling til Miljødirektoratet har alle som får informasjon om det kritikkverdige forholdet, teieplikt.
  • Teieplikta inneber at vi har plikt til å halde namnet ditt og andre identifiserbare opplysningar – om deg eller saka – skjult for andre (arbeidsmiljølova §2 A-4 om teieplikt ved varsling til offentlege myndigheiter).
  • Miljødirektoratet gir ikkje innsyn i tips vi får slik at informasjon om kven som har tipset oss om moglege forhold ikkje er offentleg, inkludert ved innsynskrav, med heimel i offentleglova § 24, andre ledd. 

Arbeidstilsynet tilbyr rettleiing i varsling

Arbeidstilsynet kan rettleie deg i varslingsregelverket og gi deg meir informasjon om rettane dine i samband med varsling.

Telefon: 73 19 97 00 - Nett: www.arbeidstilsynet.no/varsling