Publikasjon

Dvergålegras – Zostera noltei

Om publikasjonen

Dvergålegras er ikkje eit gras som det norske namnet kan tyde på, men ei blomsterplante i ålegrasfamilien (Zosteraceae). Alle artane i familien er fleirårige, marine planter som veks neddykka i sjøen (saltvatn eller brakkvatn). Dvergålegras er ein sørleg, varmekjær art og førekomstane i Noreg er dei nordlegaste i verda. Dvergålegras står på Norsk raudliste for arter 2010 og er klassifisert som sterkt truga (EN). Det fins og to andre arter ålegras i Noreg; vanleg ålegras og smalålegras.