Publikasjon

Jærtistel – Serratula tinctoria

Om publikasjonen

Jærtistel er ein meterhøg plante med raudfiolette blomster. Den tilhører korgplantefamilien, og har likhetstrekk med tistlar, derav namnet. Men ikkje har den tornar, og den er heller eigentleg ikkje nokon tistel. Jærtistelen opptrer i ugjødsla beite- og slåttemarker, men forsvinn ved gjødsling eller dersom beitepresset blir for lite eller for stort. Her i landet er jærtistelen berre funnen i Hå kommune i Rogaland. Jærtistelen er sterkt trua (EN) her i landet.