Publikasjon

Avlsprogrammet for fjellrev - årsrapport for 2016

Om publikasjonen

Avlsprogrammet vart oppretta i 2005 som eit tiltaksbasert FOU-prosjekt for å bidra til bevaring av den sterkt utrydningstruga fjellreven i Noreg. Programmet driftar ein avlsstasjon på Sæterfjellet (Oppdal), med store hegn i eit naturleg fjellrevhabitat

I 2016 vart det rekruttert ein kvalp frå eigen avl til avlsstasjonen. Totalt er det henta inn 26 villfødde kvalpar og 24 kvalpar frå eigen avl som avlsdyr til programmet. Rekruttering av villfødde kvalpar er viktig for å oppretthalde avlslinene i stasjonen og av omsynet til å unngå negative effektar av avl i fangenskap.

I 2016 vart det fødd 20 kvalpar fordelt på tre kull i stasjonen. Årsaka til den låge produksjonen skuldast truleg at tre av avlspara var eittåringar. Det vart òg registrert postnatal dødelegheit av eitt kull. Det vart i løpet av året utført utbetringar på gjerder i alle hegna og i tillegg tilført massar i to av hegna for å stimulere til auka trivnad for avlsdyra. Over eit hegn vart det montert eit nett for å hindre kongeørnpredasjon.


18 av kvalpane frå 2016-produksjonen vart sett ut på Hardangervidda i februar 2017, medan ein kvalp vart rekruttert som avlsdyr. I tillegg vart ein kvalp funne død ved eit av hia.