Publikasjon

Jotunheimen nasjonalpark

Om publikasjonen

Jotunheimen strekkjer seg frå vestlandsk natur, med høge og kvasse tindar i Hurrungane til austlandsk natur med store dalar og fjellvatn.

Eit alpint landskap med høge toppar, snø og brear kvar du enn snur deg. Det er slik det er å stå på toppen av Galdhøpiggen: Du veit at akkurat nå er du den som med fast grunn under føtene er høgast i Noreg. Rundt deg ser du dei høgaste fjella i Nord-Europa.