Publikasjon
Organohalogener og kvikksølv i ismåkeegg
Miljødirektoratet ble opprettet 1. juli 2013. Dette er en eldre publikasjon fra tidligere Statens forurensningstilsyn (SFT) / Klima og forurensningsdirektoratet (Klif) eller Direktoratet for naturforvaltning (DN).
Om publikasjonen
Ismåka er ein sjeldan art i ein global samanheng, og er ein av dei minst kjende sjøfuglartane i verda.
Kartleggjing av ismåkepopulasjonen i norsk og russisk Arktis vart starta etter at ein nedgang på 80 % i ismåkepopulasjonen i Canada vart dokumentert. Då ismåka er avhengig av sjøis og er på eit høgt trofisk nivå, er klimaendringar og miljøgifter to identifiserte miljøtruslar. Målet med denne studien var å kartleggje miljøgifter og kvikksølv i ismåkeegg frå Svalbard og russisk Arktis, og undersøkje moglege effektar av miljøgifter.