Viltlova har som mål at vilt og viltet sine leveområde skal forvaltast i tråd med naturmangfaldlova, og slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom vert bevart.
Innanfor denne ramma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæring og friluftsliv, og der jaktretten ligg til grunneigar.
Viltlova regulerer også korleis jakt og fangst kan utøvast. Her er hovudprinsippet at jakt og fangst skal utøvast slik at viltet ikkje vert utsett for unødige lidingar og slik at det ikkje oppstår fare for menneske eller husdyr, eller skade på eigedom.
Med vilt meiner ein viltlevande landpattedyr og fuglar, amfibium og krypdyr.
Lov om jakt og fangst av vilt (viltlova) blei vedteken 29. mai 1981, og tok til å gjelde frå 2. april 1982. Den er endra fleire gongar, mellom anna ved innføring av naturmangfaldlova i 2009.