Viltressurslova har som mål at forvalting av viltressurane ved jakt, fangst, felling og anna handsaming av vilt skjer på berekraftig og forsvarleg vis, og forvaltast i tråd med naturmangfaldlova og dyrevelferdslova.

Jaktretten ligg til grunneigar.

Viltressurslova regulerer og korleis jakt, fangst og felling kan utøvast. Her er hovudprinsippet at jakt og fangst skal utøvast på dyrevelferdsmessig vis, og slik at det ikkje er fare for menneske, husdyr, eller eigedom.

Med vilt meiner ein naturleg viltlevande landspattedyr og fuglar, amfibium og krypdyr. Det gjeld uavhengig av om viltet lever eller kan leve vilt i Noreg.

Lov om jakt, fangst og felling av vilt (viltressurslova) gjeld frå 1. juli 2026. Viltressurslova erstattar Viltlova frå 1981. Føresegner gjevne etter viltlova gjeld inntil dei vert endra.

Lenker