Døme på naturbaserte løysingar i jordbrukslandskap

Etablere fangdammar

Betydninga for klimatilpassing

Fangdammar er konstruerte dammar eller våtmarker som medverkar til å redusere førekomsten av flaum og avrenning. Dei blir laga ved å utvide eller demme opp eit bekkeløp. Flaumtoppane vert dempa ved at dammane dryger overvatn.  

Dammane dempar flaumtoppar ved at dei samlar opp vatn, slik at det renn saktare nedover vassdraget. Avrenninga blir redusert ved at dammane fangar opp erodert materiale og næringsstoff frå omliggjande mark. 

Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse

Overvatn ved hjelp av dryging

Korleis styrkar tiltaket naturmangfald

Fangdammar gir auka biologisk mangfald ved at vegetasjonen i og rundt dammane gir mat og habitat for ei rekkje vatn- og landslevande dyr og insekt.

Føresetnader

Det må leggjast til rette for innkomst for tømming av sediment frå fangdammen.

Tilleggseffektar tiltaket kan gje

  • Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.

  • Naturoppleving, rekreasjon, mental og fysisk helse: Blå og grøne omgivnader kan stimulere til auka fysisk aktivitet og redusere stress og psykisk helseplagar.

Nyttige lenker

  • Treplanting langs vann i jordbruksområde. Våler, Vannområde Morsa 
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har tiltaka: gjenopning av bekkelukkingar, etablering av fangdam og våtmarker, vedlikehald av fangdammar og våtmarker, flaumdempande tiltak, utbedring av hydrotekniske anlegg.
  • Regionale miljøtilskot i landbruket (RMP) har tiltaket: tilskot til etablering av fangdam Lenke: Instruks for regionale miljøtilskudd i 2023-2026_endret 30062023.pdf (landbruksdirektoratet.no)
  • Temaside: Fangdammer og renseparker (NIBIO)
  • Faktaark: Flomtiltak i landbruksområder (NIBIO)
  • Rapport: Effekt av buffersoner på vannmiljø og andre økosystemtjenester. (NIBIO)
  • Rapport: Effekt av fangdam i et endret klima - 20 års erfaring med overvåkning av fangdam i Skuterudbekken (unit.no) (NIBIO)

Berekraftsmål

 

Tilbake til forsiden Lenke til forsiden

Personvern

Personvernerklæring
Tilgjengelighetserklæring
Sosiale medier
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Tips oss
  • Få siste nytt
  • Ledige stillingar
  • Aktuelt
  • Høringer
  • Publikasjoner
  • Nettjenester
  • Skjema og frister

Personvern

  • Personvernerklæring
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Sosiale medier
Gå til hovedinnholdet