Kven er vi og kva er vi til for?

Skildring av kven Miljødirektoratet er og kva vi er til for.

Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Rammene våre

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi er fagleg uavhengige. Det inneber at vi opptrer sjølvstendig når vi avgjer enkeltsaker, formidlar kunnskap eller gir råd.

Samtidig er vi underlagt politisk styring. Lovverk, stortingsmeldingar og -proposisjonar, verksemdsinstruksen og det årlege tildelingsbrevet set rammene for aktiviteten vår.

Her blir det fastsett kva verkemiddel vi forvaltar, budsjettrammer og retningslinjer for å gjennomføre og prioritere innsatsen.

Samfunnsoppdraget vårt

Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale miljømåla og verkemidla som blir stilte til rådvelde. Jobben vår er å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag, setje politikken ut i livet og å gi underlag for politikkutviklinga.

Vi har fem funksjonar, som vi utøver på alle dei klima- og miljøpolitiske resultatområda vi har ansvar for:

1.

Vi skaffar og formidlar miljøinformasjon

Vi overvaker og kartlegg miljøtilstanden. Vi systematiserer og formidlar aktuell og forståeleg miljøkunnskap på ulike arenaer og i ulike kanalar.

2.

Vi utøvar og set i verk forvaltningsstyresmakt

Vi forvaltar lover, forskrifter og tilskotsordningar og fattar vedtak etter desse. Vi legg til rette for og gjennomfører fysiske tiltak i naturen. Vi driv naturoppsyn og fører tilsyn med at krav og reglar blir etterlevde.

3.

Vi styrar og rettleier regionalt og kommunalt nivå

Statsforvaltaren er det ytre apparatet vårt som vi styrer og rettleier. Vi rettleier òg om viktige klima- og miljøoppgåver som er delegerte til ulike regionale og kommunale organ, mellom anna kommunar, fylkeskommunar, nasjonalpark- og verneområdestyre og rovviltnemnder.

4.

Vi gir faglege råd og analysar som underlag for politikkutvikling

Vi lagar analysar og gir råd om vidareutvikling av klima- og miljøpolitiske mål, foreslår tiltak og verkemiddel og er ein støttespelar for Klima- og miljødepartementet i utviklinga av klima- og miljøpolitikken.

5.

Vi deltar i internasjonalt miljøarbeid

Vi deltar på vegner av Noreg i internasjonalt klima- og miljøarbeid, mellom anna under EØS-avtalen og globale konvensjonar og bidrar til å utvikle felles internasjonalt regelverk. Vi deltar i nordområdesamarbeid og samarbeid bilateralt med miljøstyresmakter i andre land, og er ein partnar i overføring av forvaltningskompetanse.

Sektorovergripande rolle i alle funksjonar

Klima- og miljøutfordringane, og verkemidla for å løyse dei, er sektorovergripande. Mange av dei nasjonale miljømåla kan ikkje nåast av oss åleine, men føreset innsats frå fleire styresmakter.

Vi forvaltar kunnskap og verkemiddel og gir råd på område som rører kunnskapsgrunnlaget til andre sektorstyresmakter, forvaltningsområde og mål.

Det er ansvaret vårt å bidra til samhandling og koordinering av kunnskap og innsats på tvers av sektorar og verkemiddel.

Jobbe i Miljødirektoratet

Jobbe i Miljødirektoratet

Vi i Miljødirektoratet er opptatt av dei små detaljane og den store samanhengen, av tiltak som nyttar og av å forvalte verkemidla i miljøpolitikken på ein fornuftig måte, på tvers av ulike sektorar i samfunnet.

Lyst til å jobbe med oss?

Vi er alltid på utkikk etter nye kollegaer. Sjekk ut våre ledige stillinger og finn noe som passer deg.

Kva vi tilbyr

Det samansette samfunnsoppdraget vårt gir oss viktige og spennande arbeidsoppgåver!

Vi er opptatt av at våre kompetente og engasjerte leiarar og medarbeidarar skal jobbe i eit helsefremjande og sikkert arbeidsmiljø basert på openheit og medverknad.

Miljødirektoratet er ei IA-verksemd, og vi samarbeider ved behov med bedriftshelsetenesta om oppfølging og tilretteleggingstiltak. Miljødirektoratet har eit lågt sjukefråvær.
Forventningane til direktoratet endrar seg raskt, og vi er opptatt av å jobbe smart, effektivt og å prioritere riktig.

For å gjere oss i stand til å møte utfordringane i framtida, jobbar vi heile tida med å vidareutvikle arbeidsformer, til dømes gjennom prosjektarbeid.

Vi jobbar òg kontinuerleg med å vidareutvikle gode digitale løysingar slik at våre tilsette skal ha gode arbeidsverktøy.
Som kunnskapsverksemd er kompetansen og erfaringa til dei tilsette vår den viktigaste ressursen. Mykje av kompetansehevinga skjer gjennom det daglege arbeidet, men også i form av faglunsjar, samlingar, nettverk, kurs og e-læring.

Vi er særleg opptatt av sektorovergripende samarbeid, prosjektleiing, brukar- og tenesteorientering og endringsdugleik. Nytilsette blir tilbode gode introduksjonsopplegg og fadderordning.

Miljødirektoratet deltar òg i Mobilitetsprogrammet i staten, som skal bidra til kompetanseutvikling for tilsette gjennom utveksling, rotasjon og hospitering mellom statlege etatar.
Arbeidstida er frå 8.00-15.45, bortsett frå i perioden 15.mai – 14.september der vi jobbar frå 8.00-15.00.

Arbeidstimar utover dette kan avspaserast seinare. Pålagt overtid av leiar blir utbetalt.

Det er fleksibel arbeidstid heile året.

Tilsette er medlemmer i Statens pensjonskasse (SPK). Tenestepensjonen frå SPK gir, saman med folketrygd, ei gunstig pensjonsordning. SPK har òg gode forsikringsordningar som sikrar tilsette ved sjukdom og yrkesskade, og sikrar etterlatne ved dødsfall. SPK tilbyr òg bustadlån til tilsette.
Hos oss kan du delta på mange aktivitetar som skal fremje god helse og trivsel blant dei tilsette.

Det blir tilbode mange kulturelle og sosiale aktivitetar. Vi har mellom anna ein kreativ og dyktig revygruppe, ei kulturgruppe, eige kor, yoga og fotogruppe.

Miljødirektoratet i bevegelse er eit tilbod om å vere fysisk aktive éin time per veke i, eller i samband med, arbeidstida. Vi har òg eit aktivt bedriftsidrettslag som tilbyr ulike idrettar og arrangement.

Skjønner du dette?

Da kan du være personen vi er på utkikk etter.

Samfunnsoppdraget vårt

Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale miljømåla og verkemidla som blir stilte til rådvelde. Jobben vår er å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag, setje politikken ut i livet og å gi underlag for politikkutviklinga.

Vi har fem funksjonar, som vi utøver på alle dei klima- og miljøpolitiske resultatområda vi har ansvar for:

2. Vi utøvar og set i verk forvaltningsstyresmakt

Vi forvaltar lover, forskrifter og tilskotsordningar og fattar vedtak etter desse. Vi legg til rette for og gjennomfører fysiske tiltak i naturen. Vi driv naturoppsyn og fører tilsyn med at krav og reglar blir etterlevde.

3. Vi styrar og rettleier regionalt og kommunalt nivå

Statsforvaltaren er det ytre apparatet vårt som vi styrer og rettleier. Vi rettleier òg om viktige klima- og miljøoppgåver som er delegerte til ulike regionale og kommunale organ, mellom anna kommunar, fylkeskommunar, nasjonalpark- og verneområdestyre og rovviltnemnder.

1.

Vi skaffar og formidlar miljøinformasjon

Vi overvaker og kartlegg miljøtilstanden. Vi systematiserer og formidlar aktuell og forståeleg miljøkunnskap på ulike arenaer og i ulike kanalar.

2.

Vi utøvar og set i verk forvaltningsstyresmakt

Vi forvaltar lover, forskrifter og tilskotsordningar og fattar vedtak etter desse. Vi legg til rette for og gjennomfører fysiske tiltak i naturen. Vi driv naturoppsyn og fører tilsyn med at krav og reglar blir etterlevde.

1. Vi skaffar og formidlar miljøinformasjon