Nye naturtypar i oppfølgingsplan for trua natur

Naturtypane sørleg sukkertareskog, delta, kjelde-edellauvskog og rik, open sørleg jordvannsmyr blir no prioritert i oppfølgingsplanen for trua natur.

Publisert 06.11.2023

Oppfølgingsplanen for trua natur beskriv kva trua artar og naturtypar forvaltninga følgjer opp spesielt, og kva tiltak og verkemiddel forvaltninga bør bruke.

Dei sju involverte departementa vedtok utvidinga av oppfølgingsplanen for trua natur 23. oktober.

Vedtaket kjem etter at ei direktoratsgruppe som er leda av Miljødirektoratet i februar tilrådde at Oppfølgingsplan for trua natur burde inkludere innsats for fleire naturtypar.

Sjå oversikt over tiltak

På nettsida om Oppfølgingsplan for trua natur kan du sjå i kart kor ein finn artane og naturtypane som er prioritert for innsats, inkludert dei fire nye naturtypane.

Her finn du óg informasjon om kva for tiltak og omsyn ulike sektorar og styresmakter må gjere for å betre Rødlistestatusen til artane og naturtypane i oppfølgingsplanen.  

– Det er energistyresmaktene som styrer vassføringa i regulerte elvar, landbruksstyresmaktene som regulerer gjødselbruken i landbruket og kommunane som bestemmer kva areal som skal byggjast ut. For å redde den mest sårbare naturen må vi gjere slik vi har blitt einige om i naturavtalen frå Montreal: omsyn til verdien av naturen må takast av alle relevante styresmakter, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.