Fire nye naturtypar på redningslista til direktorata
Ei direktoratsgruppe tilrår innsats for dei trua naturtypane sørleg sukkertareskog, delta, kjelde-edellauvskog og rik, open sørleg jordvannsmyr.
– Det er energistyresmaktene som styrer vassføringa i regulerte elvar, landbruksstyresmaktene som regulerer gjødselbruken i landbruket og kommunane som bestemmer kva areal som skal byggjast ut. For å redde den mest sårbare naturen må vi gjere slik vi har blitt einige om i naturavtalen frå Montreal: omsyn til verdien av naturen må takast av alle relevante styresmakter, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Ei direktoratsgruppe leidde av Miljødirektoratet tilrår å leggje til dei fire kritisk og sterkt trua naturtypane delta, sørleg sukkertareskog, kjelde-edellauvskog og rik, open sørleg jordvannsmyr i Oppfølgingsplanen for trua natur.
I dag blir 23 artar og 12 naturtypar følgt opp spesielt gjennom denne planen, som er vedtatt av regjeringa.
Dei fire naturtypane som blir foreslåtte tatt inn i lista er alle kritisk eller sterkt trua. Fleire av desse naturtypane har Noreg eit særansvar for, då dei har ein vesentleg del av utbreiinga si her.
Les meir om kvar enkelt naturtype nedst i denne saka.
Bidreg til klimatilpassing og klimaomstilling
– Ideen med oppfølgingsplanen for trua natur er å sjå på kva tiltak vi kan gjere for den mest sårbare og trua naturen. Slik samanfell planen godt med det fjerde målet til naturavtalen om å setje i verk forvaltningstiltak for å bremse menneskeskapt risiko for utrydding av trua artar, seier Hambro.
Direktorata tilrår no departementa sine å prioritere ein felles innsats for å betre raudliste-statusen for desse naturtypane innan 2035. I tillegg har dei involverte sektorane gitt forslag til korleis dei sjølv kan bidra til å oppnå dette.
– Dette er også naturtypar som bidreg til naturbaserte løysingar for klimatilpassing og klimaomstilling gjennom å lagre karbon, halde tilbake vatn og verne mot flaum, seier Hambro.
Direktoratsgruppa blir leidd av Miljødirektoratet, og består i tillegg av Fiskeridirektoratet, Forsvarsbygg, Jernbanedirektoratet, Landbruksdepartementet, NVE, Statens vegvesen, Direktoratet for mineralforvaltning og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Fleire prosjekt er sett i gang
Arbeidet med oppfølgingsplanen for trua natur blei starta opp i 2021. Allereie ser vi resultat av planen. For fleire av naturtypane og artane som er lista opp er det igangsett store prosjekt.
– I Innlandet går det føre seg skjøtsel av førekomstar med stjernebønnelav, i Finnmark blir den sjeldne og freda arten sibirnattfiol kartlagt, rundt Oslofjorden blir framande artar fjerna for å bevare artsrik grunnlendt kalkmark og frå Lista i sør til Steigen i nord blir naturtypen sanddynemark restaurert, seier Hambro.
Her kan du lese meir om dei fire naturtypane