Kunstgrasbanar: Manglar tiltak for å hindre spreiing

Meir enn halvparten av dei kontrollerte idrettsbanane overheld ikkje regelverket som skal hindre spreiing av mikroplast.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 14.11.2022 | Oppdatert 14.11.2022

Det viser resultata av ein landsomfattande tilsynsaksjon som miljøstyresmaktene har gjennomført. Det vart innført nye krav som skal hindre spreiing av mikroplast frå kunstgrasbanar 1. juli 2021.

Idrettsbanar laga til før dette tidspunktet har overgangsreglar for nokre av krava, blant anna  det som gjeld ein fysisk barriere.

Tiltak som samlar opp gummigranulat

– Det er svært viktig at eigarane av slike banar sørgjer for å ha tiltak som samlar opp gummigranulat slik at det ikkje hamnar utanfor banane.  Gummigranulat kan brytast vidare ned til mikroplast og er ei stor kjelde til utslepp og spreiing av dette i naturen, seier avdelingsdirektør i Marit Kjeldby i Miljødirektoratet.

88 eigarar vart kontrollerte. 76 av desse var kommunar og 12 var idrettslag.

Halvparten av dei kontrollerte der krava til fysisk barriere rundt banane gjeld, hadde ikkje dette på plass. Døme på barrierar kan vere tette vollar eller vegger som skal hindre at gummigranulat spreier seg utanfor banane.

Over 70 prosent av dei kontrollerte kommunane og idrettslaga har ikkje sørgt for god nok informasjon til brukarane av banen om risikoen for spreiing og tiltak for å redusere risikoen for slik spreiing. 

Eit stadig aukande forureiningsproblem

Gummigranulat spreier seg utanfor idrettsbanane dersom det ikkje blir samla opp. Gummigranulat fører til eit årleg utslepp av mikroplast på om lag 6000 tonn, og er ut i frå dagens kunnskap den nest største landbaserte kjelda til mikroplast i Noreg.

Det viser ei kartlegging Miljødirektoratet fekk utført i 2021. Det er om lag 2000 banar med kunstgras i Noreg. 

Mikroplast utgjer eit stadig aukande forureiningsproblem og er funne dei fleste stader på jorda. Dei små plastpartiklane kan etast av små dyr i havet som igjen blir ete av større dyr, og slik kan også me menneske få det i oss gjennom maten me et.

Kunstgrasbanar består av syntetiske grasmatter som blir tilsette eit laust fyllmateriale. Dei fleste brukar gummigranulat, men også andre plastprodukt og naturlege materiale som kork eller olivenstein blir nytta.

Mange er likevel godt i gang jobb

Mange kommunar og idrettslag har starta arbeidet med tiltak for å oppfylle krava i dei nye reglane i kapittelet til forureiningsforskrifta 23A om utforming og drift av idrettsbanar der det blir brukt laust fyllmateriale av plast

Eit positivt resultat frå aksjonen er at dei fleste følgjer krava som gjeld oppbevaring, ombruk og levering av gummigranulat. På dei fleste kontrollerte idrettsbanane vart gummigranulat oppbevart, ombrukt og lagra forsvarleg og levert til godkjende avfallsmottak i tråd med regelverket.

Vil følgje opp kommunane

Resultata av tilsynsaksjonen i år viser at det er behov for å følgje opp handteringa til kommunane og idrettslaga av gummigranulat på idrettsbanar vidare. 

– Kommunane og idrettsanlegga må rette brota på regelverket som vart avdekt under denne kontrollaksjonen. Det gjelder spesielt krava om å ha fysiske barrierar rundt banane som samlar opp gummigranulat. Statsforvaltarane vil følgje opp at dette blir gjort, seier Marit Kjeldby.

Kan komme strengare regelverk frå EU

I EU blir no diskutert eit forslag om å forby mikroplast tilsett i produkt. Forslaget omfattar forbod mot bruk av gummigranulat på kunstgrasbanar og andre idrettsbanar med ein overgangsperiode på seks år.

Etter enda overgangsperiode, vil det dermed ikkje vere mogleg å få tak i gummigranulat for påfyll eller etablering av kunstgrasbanar.