Vil stoppe laksefisket i to store elvar frå i år

Mindre fisk i elvane Røssåga og Saltdalsvassdraget gjer at dei ikkje blir foreslått opna for laksefiske frå i år. Elles få endringar i laksefisket.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 15.02.2023

– Fordi færre laks enn forventa har komme tilbake til Røssåga og Saltdalsvassdraget i Nordland foreslår vi å ikkje opne for fiske etter arten i dei to elvane frå i år, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Se pressemelding på bokmål.

– Heilt nødvendige endringar

Også sjøauren frå Saltdalsvassdraget er under aukande press. Miljødirektoratet foreslår derfor i ei ny høyring å redusere fisket etter sjøaure i elva, og med stong og handsnøre frå båt i sjøen utanfor elva. Ein totalgjennomgang av fiskereglane for laks, sjøaure og sjørøye blir gjord kvart femte år, sist gong i 2021. I år er eit såkalla mellomår, som betyr at ein berre gjer endringar som er heilt nødvendige å gjere allereie frå i år.

– Heilt nødvendige endringar er til dømes det å redusere fisket grunna vesentleg mindre laks, sjøaure og sjørøye opp i elvane enn føresett, eller ny kunnskap som viser at gjeldande føresegner er fastsett på feil grunnlag, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Tanalaksen treng framleis vern

Miljødirektoratet foreslår også blant anna å halde fram med avgrensingar i sjølaksefisket utanfor Noregs største lakseelv Tana i Finnmark. Fleire av dei viktigaste laksebestandane i Tanavassdraget har ikkje hatt noko haustbart overskot dei seinaste tre åra. Prognosane for lakseinnsiget til Tana i 2023 viser at det heller ikkje i år vil vere noko overskot å hauste av.

– Miljødirektoratet meiner derfor det er nødvendig å føre vidare føresegna om å ikkje opne for fiske etter laks med fastståande reiskapar i sjøområda nært Tanaelva, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Bestemmelsen vil omfatte kommunane Berlevåg, Tana og Gamvik, og dessutan ytre delar av kommunane Lebesby og Nordkapp.

Endringar i 23 vassdrag og to sjøregionar

Miljødirektoratet foreslår endringar av føresegner for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i til saman 23 vassdrag, og i Tanafjorden i Finnmark og Skjerstadfjorden i Nordland. Disse 14 vassdraga blir foreslått opna for fiske, etter at rutinar for å rapportere om fangst har komme på plass: Lundeelva (Agder), Skorgeelva (Vestnes i Møre og Romsdal), Hopsvassdraget, Movassdraget, Vareidvassdraget, Brattlandsvassdraget, Konsvikvassdraget, Kista med Østerdalselva, Oldervikelva, Segåråga, Sørfjordelva, Storfjordvassdraget, Olderfjordelva (alle Nordland) og Lavangselva (Troms og Finnmark).

Dei som det vedkjem kan komme med innspel til Miljødirektoratets forslag om justeringar i laksefisket innan 28. mars.