Rekordstore tiltak for å stoppe pukkellaksen i sommar

Nesten alle dei mest lakseproduserande elvane i Finnmark skal sperrast i eit forsøk på å stoppe framandarten pukkellaks i sommar.

Publisert 09.05.2023

– I Finnmark vil dei fleste vassdrag mellom Hammerfest og Grense Jakobselv med eit vesentleg potensial for lakseproduksjon bli freista sperra av for pukkellaks i sommar. I tillegg planlegg vi å kartleggje og fange den uønskte framandarten i ei rekkje små elvar og bekker i det same området, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Vest for Hammerfest er det gitt tilskot til å kartleggje og fjerne pukkellaksar i 25 elvar til. 16 av desse er i Troms.

Statleg finansierte tiltak

Til sommaren er det venta at store mengder av den framande og uønskte arten pukkellaks vil prøve å ta seg opp i elvar i Finnmark og deler av Troms.

– Ein stor auke i løyvingar over statsbudsjettet dei to siste åra har gitt oss høvet til å setje i verk meir omfattande tiltak i langt fleire elvar og med betre utstyr enn i det førre pukkellaksesåra 2021. Det gir oss eit mykje betre høve til å få kontroll på pukkellaksen enn vi hadde for to år sidan, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Ein annan stor forskjell frå 2021 er at dei lokale foreiningane i Finnmark er gitt økonomiske midlar til å kunne tilsetje lønt personell, gjennom kontraktar med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. I 34 av dei mest utsette elvane mellom Hammerfest og Grense Jakobselv er det no planar om kamp mot pukkellaks.

Ikkje prøvd i så stort omfang tidlegare

Det har ikkje vore prøvd på kamp mot pukkellaks i tilsvarande omfang tidlegare, både når det gjeld talet på tiltak og geografisk spreiing. Strategien med å sperre av elvane byggjer på den nasjonale handlingsplanen for kamp mot pukkellaks.

– Vi har følgt råda vi har fått frå den nasjonale kompetansegruppa for pukkellaks, og tiltak i dei enkelte vassdraga har vi planlagt og førebudd i samarbeid med grunneigarar, lokale jeger- og fiskeforeiningar, bygdelag og idrettslag, seier Hambro.

Utfordrande i dei største elvane

Dei største elvane er ekstra utfordrande å hindre pukkellaksen å komme seg opp i, på grunn av blant anna stor breidd, djupn, vassføring og mengda fisk. Neidenelven i Sør-Varanger er ein av desse. Der skal pukkellaksen stoppast i laksetrappa i Skoltefossen. Pukkellaksen får då svært avgrensa område å gyte på nedanfor Skoltefossen, og i desse områda vil han nedkjempast med garn.

I Tanavassdraget har Miljødirektoratet gitt Veterinærinstituttet oppdraget med å leie arbeidet med å etablere ei fiskefelle. Der skal all fisk leiast inn i det austre løpet ved Seidaholmen. Ved hjelp av videoovervaking og eit slusesystem med fleire moglegheiter for sortering skal pukkellaksen takast ut, og den atlantiske laksen blir sleppt vidare.

– Det er med stor audmjukskap vi har teke på oss dette oppdraget. Vi jobbar hardt for å ta ut så mykje pukkellaksar som mogleg, utan å skade den atlantiske laksen, seier prosjektleiar hos Veterinærinstituttet, Roar Sandodden.

For Altaelva og andre store vassdrag lenger sør vil ein lære av erfaringane frå Tanaelva, med tanke på framtidige tiltak. I år vil Alta Laksefiskeri Interessentskap ta ut pukkellaks med garn og nót.

Pukkellaksen venta i slutten av juni

Mykje utstyr skal på plass i dei ulike elvane innan pukkellaksen kjem, truleg i siste halvdel av juni.

– Det blir laga fiskefeller og anna utstyr i Vadsø, Bodø, Trondheim, Bryne og California, og det er mange som jobbar hardt for å få dette utstyret fram til rett elv i tide. Vi er spent på korleis vårflaumen går, for fellene kan først monterast etter at flaumen er over, seier Hambro.