Høyring på reglar om fiske av pukkellaks i sjø

Regjeringa har foreslått nye regler om fiske av pukkellaks i sjø. Miljødirektoratet har på vegne av regjeringa sendt forslaget på høyring.

Publisert 17.03.2023

Forslaget inneber at det ikkje blir opna for noko ordinært sjølaksefiske i Finnmark i 2023, i tråd med oppdraget frå Klima- og miljødepartementet. Høyringa har frist 11. April.

Sjå meir om forslaget i pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.

Miljødirektoratet har foreslått følgjande presiseringar:

  • Det vil vere ope for fiske etter pukkellaks frå måndag til laurdag i sjøregion Fjordene i Vest-Finnmark. Andre regionar i Finnmark vil vere opne for fiske frå måndag til fredag, med unntak av Tanafjorden og nærliggjande område der det ikkje vil bli opna for fiske.
  • Kilenøtene skal røktast minst tre gonger i døgnet.
  • Fangst skal rapporterast elektronisk.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet tidlegare utarbeidd eit notat, som vurderer om det er mogleg å gjere eit fiske etter pukkellaks i sjø effektivt, og utan at skadane på dei naturleg heimehøyrande artane blir for store. Notatet var basert på blant anna ein rapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning.