Fritidsbåteigarar må med i kampen mot hamnespy
Miljødirektoratet ber båteigarane om hjelp mot spreiing av framandarten hamnespy, når ein million norske fritidsbåtar no skal ut på sjøen.
– For å hindre at hamnespy spreier seg har det mykje å seie at fritidsbåteigarar no ved sesongstart sjekkar og smør båtane sine, for å fjerne hamnespy og unngå at framandarten får feste seg, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Ferdast der hamnespy trivst
Hamnespy er ein framand art som truleg har komme til Noreg festa til skroget på større skip. Arten legg seg som teppe på havbotnen og fortrengjer andre artar. Om han får spreie seg kan det få store konsekvensar for økologien og naturmangfaldet i norske kyst- og havområde. Førebels er hamnespy funne ulike stader på Vestlandet, og rett utanfor Oslofjorden ved Koster i Sverige. Fritidsbåtane speler ei sentral rolle.
– Fritidsbåtar utgjer ein risiko fordi dei bevegar seg mykje rundt, til hamnar og grunnare område der hamnespy trivst best, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Felles plikt å redde norsk natur
Ifølgje Båtlivsundersøkelsen frå 2023, som mellom anna Miljødirektoratet var med på å gjennomføre, er det over ein million fritidsbåtar i Noreg. Kvar fjerde norske husstand har ein eller fleire fritidsbåtar. Trekkjer ein frå kanoar og kajakkar, som blir rekna for å utgjere mindre truslar for spreiing av hamnespy, så er det rundt 800 000 fritidsbåtar i Noreg. Flest fritidsbåtar finst i dei fire fylka rundt Oslofjorden, og på Sør- og Vestlandet, som også er dei mest utsette områda for spreiing av hamnespy.
– Aktsemdsplikta i naturmangfaldlova seier at alle har ei plikt til å unngå at framande artar spreier seg. Viss du oppdagar hamnespy skal du gjere tiltak for å redusere risikoen for at arten blir spreidd vidare, seier Ellen Hambro.
Dette bør båteigarar gjere
Viss båten har lege i sjøen gjennom vinteren bør ein sjekke han for hamnespy. Hamnespy døyr i luft etter ei veke, og i ferskvatn etter seks timar. Er det hamnespy på båten må han derfor takast opp på land. Det går raskast å spyle og skrape båten, reingjere teiner og anna utstyr, for så å anten leggje hamnespyet i ein behaldar med ferskvatn, eller la det tørke i lufta og døy. Det er då veldig viktig at spylevatnet og det som blir skrapa bort ikkje renn ut i sjøen igjen.
Båtar og utstyr som stått på land gjennom vinteren er trygge. Likevel bør båten smørjast med grohemmende måling, for å redusere risikoen for at hamnespy feste seg når båten kjem i vatnet.
– Gjennom båtsesongen er det viktig å sjekke båten jamleg for hamnespy, og om mogleg gjerne også unngå opphald i hamner på over 24 timar i område der det er funne hamnespy, seier Hambro.
Les meir om førebyggjande tiltak mot hamnespy, og korleis du kan reingjere båt og utstyr på Miljødirektoratets nettside.
Tiltak på gang for større skip
Tidlegare har ballastvatn på større skip bidrege til å spreie framande artar som hamnespy, men dette har dei seinare åra vore regulert med positive resultat.
I tråd med internasjonale tilrådingar sende Sjøfartsdirektoratet nyleg ut forslag om nye reglar som skal hindre at hamnespy og andre skadelege framande artar held fram med å komme til Noreg med skipstrafikk. Mellom anna blir det stilt krav til reiarlaga om vask av skipa på ein måte som hindrar at artane festar seg på skroget, og som fjernar det som allereie er der.