Ny rapport: Mindre sur nedbør

Effektane av sur nedbør held fram med å minke, men enkelte område i Noreg får framleis meir svovel og nitrogen enn naturen toler.

Publisert 11.06.2024

Sur nedbør består av svovel og nitrogen som gjer ferskvatn surare, og kan gi skadar på fisk og andre dyr som lever i vatn. I tillegg kan nitrogenet føre til overgjødsling, både på land og i vatn. 

– Utsleppa av svovel- og nitrogensamband til luft i Europa er kraftig reduserte. Særleg er utsleppa av svovel kutta mykje, her er reduksjonen på over 90 prosent sidan 1990. Det er gledeleg å sjå at internasjonale miljøavtalar gir konkrete resultat i form av redusert skade på norsk natur, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet. 

Ny rapport viser at overgjødsling er mest utbreidd  

Den nye rapporten viser at situasjonen i perioden 2017-2021 er litt betre enn i førre fem-årsperiode (2012-2016), både når det gjeld forsuring og overgjødsling. 

Seks prosent av Noregs landområde får meir svovel og nitrogen enn naturen toler, og effekten dette gir er forsuring i ferskvatn. Til samanlikning var dette talet i 1990 på 26 prosent. Områda der tolegrensa er overskriden ligg hovudsakleg på Sørvest-landet.

Delar av Noregs landområde får meir svovel- og nitrogen enn naturen toler, og effekten dette gir er forsuring i ferskvatn. Illustrasjon: Miljødirektoratet. 

Femten prosent av Noregs landområde får meir nitrogen enn naturen toler, og effekten er overgjødsling av vegetasjon. Reduksjonen sidan 1990 har vore mykje mindre enn for forsuring.  Dette gjer at overgjødsling i dag den mest utbreidde effekten av langtransportert luftforureining. Vi finn denne effekten i eit breitt belte langs kysten frå svenskegrensa til Stadt. 

Delar av Noregs landområde får meir nitrogen enn naturen toler, og effekten er overgjødsling av vegetasjon. Illustrasjon: Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har i over 40 år overvakt langtransportert luftforureining i heile landet for å følgje med på kvar naturen tek skade. Ein stor del av svovel- og nitrogensamband som hamnar i norsk natur blir frakta frå andre land som luftforureining, sjølv om norske utslepp også bidreg. 

Rapporten er utarbeidd av Norsk institutt for vassforsking, Norsk institutt for luftforsking og Meteorologisk institutt, på oppdrag frå Miljødirektoratet.