Biodrivstoff av avfall og restar manglar dokumentasjon

Ti norske drivstoffomsetjarar har ikkje dokumentert at biodrivstoff er laga av avfall og restar. 1,3 mrd. liter har vore feilrapporterte sidan 2017.

Publisert 19.02.2025

– I ein kontroll av omsetningskrava for biodrivstoff avdekte Miljødirektoratet ei omfattande feilrapportering av biodrivstoff laga av avfall og restar av dyrefeitt. Bruk av dyrefeitt som ikkje er avfall og restar kan gi auka globale utslepp av klimagassar og tap av natur, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Brot på dokumentasjonskrav

I 2024 avdekte Miljødirektoratet brot på dokumentasjonskrav for eitt parti biodrivstoff laga av dyrefeitt frå USA. Miljødirektoratet har derfor i etterkant kontrollert alle parti med denne typen biodrivstoff tilbake til 2017.

Resultatet viser at feilen omfattar rundt 1,3 milliardar liter biodrivstoff som er rapporterte brukte i perioden 2017 til 2023. Dette betyr at ein stor del av biodrivstoffet som har vore brukt i Noreg ikkje kan seiast å vere laga av avfall og restar, slik som tidlegare rapportert.

Omsetningskrava pålegg drivstoffomsetjarar å selje ei viss mengd flytande biodrivstoff per år. Krava pålegg også bruk av biodrivstoff laga av råstoff som ikkje konkurrerer med mat- og fôrproduksjon, til dømes dyrefeitt som er avfall og restar.

Dette er fordi biodrivstoff som konkurrerer med mat- og fôrproduksjon i verste fall kan føre til tap av natur og auka utslepp av klimagassar globalt.

Drivstoffomsetjarar som skal oppfylle omsetningskrava må rapportere kva typar biodrivstoff dei sel årleg. Omsetjarane må kunne dokumentere at biodrivstoffet er laga av avfall og restar.

Mangelfull dokumentasjon

Dokumentasjonen som selskapa har lagt fram for Miljødirektoratet har kome frå to amerikanske drivstoffprodusentar. Selskapa har også lagt fram dokumentasjon på at PwC Norge har utført ein kontroll hos biodrivstoffprodusentane.

Gjennomgangen til Miljødirektoratet viser at det ikkje finst tilstrekkeleg dokumentasjon på at biodrivstoffet er laga av dyrefeitt som er avfall og restar. Dokumentasjonen beskriv ikkje korleis produsentane og råstoffleverandørane deira skil mellom ulike typar dyrefeitt, slik regelverket krev.

Fordi det er uklart kva type dyrefeitt dei aktuelle partia biodrivstoff er laga av, må det reknast som konvensjonelt biodrivstoff og ikkje biodrivstoff laga av avfall og restar.

Felles for dei rapporterte partia er at det har vorte brukt eigen dokumentasjon på oppfylling av berekraftskriterium. Denne typen dokumentasjon krev mykje meir kompetanse og arbeid av drivstoffomsetjarane og revisorar enn ved bruk av ei godkjend sertifiseringsordning.

Stort omfang

I perioden 2017-2023 har rundt 1,3 milliardar liter biodrivstoff laga av dyrefeitt frå USA vorte rapporterte som laga av avfall og restar. Det svarer til 30 prosent av alt biodrivstoff rapportert sidan 2017, og omtrent halvparten av alt biodrivstoff som er rapportert som avfall og restar.

Figuren under viser omfanget av biodrivstoffet som er omfatta. Andelen biodrivstoff laga av råstoff som ikkje konkurrerer med mat og dyrefôr, er viste med mørkegrøn.

Andelen biodrivstoff i kategorien "Feilrapportert dyrefeitt (konvensjonelt)" i oransje, viser biodrivstoffet som tidlegare var rapportert inn som avfall og restar, men som ikkje lenger fell inn under denne kategorien på grunn av manglande dokumentasjon.

Totalt ti omsetjarar har rapportert inn dette biodrivstoffet som biodrivstoff basert på avfall og restar. Alle omsetjarar har derfor ikkje nådd omsetningskrava.

Omsetterene som har rapportert inn biodrivstoff med mangelfull dokumentasjon

  • Circle K
  • St1
  • Uno-X
  • Esso
  • Bunker Oil
  • Preem
  • Eco-1
  • Driv Energi
  • Energifabriken
  • MH Service

Miljødirektoratet ser alvorleg på feilen

Miljødirektoratet ser alvorleg på at så store mengder biodrivstoff er rapporterte som produsert av avfall og restar utan gyldig dokumentasjon. Omsetjarar av drivstoff er ansvarlege for å sørgje for at det finst dokumentasjon på at biodrivstoff som blir brukte i omsetningskrava er i tråd med regelverket.

Biodrivstoff har ofte lange og komplekse verdikjeder, med mange involverte aktørar. Det er viktig at omsetjarane har gode system for dokumentasjon og kontroll.

Frå 1. januar 2025 vart det innført lovbrotsgebyr for brot på omsetningskrava. Miljødirektoratet kan ikkje gi lovbrotsgebyr for regelbrot gjort før dette tidspunktet, men direktoratet har no fleire verkemiddel for å sanksjonere framtidige brot.

Miljødirektoratet vil no rette fokus på å sikre framtidig etterleving av regelverket. Dei vil mellom anna styrkje rettleiinga på råstoffklassifisering og dokumentasjon. Direktoratet ser også at denne saka har ført til auka medvett i bransjen.

Vidare har Miljødirektoratet påpeika at dagens høve til å bruke eigen dokumentasjon bør vurderast på nytt ved eventuell gjennomføring av det reviderte fornybardirektivet.

Som følgje av at biodrivstoffet som er omfatta av denne saka ikkje er klassifisert rett, vil direktoratet også oppdatere statistikken over biodrivstoff rapportert i perioden 2017-2023.