Pukkellaksfangsten svekka av vårflaumen i nokre elvar

Førebelse anslag frå 17 av over 50 elvar som hadde pukkellaksfelle i sommar, viser at få pukkellaks fekk gyte der fellene kunne monterast tidleg nok.

Publisert 24.09.2025

  Vi må forsterke tiltaka mot pukkellaks. Desse førebelse tala for 2025 viser at pukkellaksfeller i all hovudsak fungerer godt når dei kjem på plass i tide. Samtidig ser vi at sein snøsmelting og andre naturforhold kan skape utfordringar. Dette gir nyttige erfaringar for å kunne få bukt med pukkellaks i kommande sesongar.  Eg ser fram til å få resultatet for dei resterande elvane, og ikkje minst det viktige Tanavassdraget, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

–  Pukkellaks-teljingar som Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har gjort ved hjelp av dykkarar, viser at det å sperre av elvane kan vere opp mot 100 prosent effektivt når fellene kjem tidleg nok i drift og fungerer som planlagt, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Raoul Bierach.

Filmen viser pukkellaks i Grense Jakobselv sommaren 2025. Foto: Malin Solheim Høstmark/Statsforvalteren i Troms og Finnmark. 

Stor variasjon mellom elvane

Teljingane viser at nokreon feller stoppa så godt som all pukkellaksen som kom i sommar. I fem av elvane i Varanger vart det funne til saman 14 pukkellaks ovanfor fellene. I dei same elvane vart 21686 pukkellaks stoppa med felle og nót. I to andre elvar vart det observert høvesvis 40 og 95 pukkellaks ovanfor fellene, også dette svært låge tal. Seks av dei kartlagde elvane hadde mellom 100 og 700 pukkellaks på oversida av fellene. I to andre elvar fann ein omtrent 1000 og 1900 pukkellaks. I desse to elvane vart det fanga 7601 og 12394 pukkellaks, så her har ein trulegantakeleg  stoppa mellom 85 og 90 prosent av pukkellaksen som kom.

Sein vårflaum gjorde at det i enkelte elvar vart for utrygt å setje opp feller så tidleg som ein kunne ønskeønskte. Det medførte at til dels mykje pukkellaks rakk å komme seg opp i nokre elvar før fellene var på plass.

–  Der vårflaumen varte langt ut i juli kom dessverre mykje av pukkellaksen seg opp i elvane før det var trygt å montere fellene, seier Raoul Bierach.

Kvænangselva og Reisaelva skil seg ut med så mange som høvesvis 23 000 og 10 000 pukkellaks observerte ovanfor pukkellaksfellene. For Reisaelva er det reelle talet antakeleg sannsynlegvis mykje høgare, på grunn av vanskelege forhold for teljing. Når fellene først vart monterte fungerte dei også her godt, og fanga til saman 15 000 pukkellaks i desse to elvane.

Truleg mykje pukkellaks opp i Tana før fella var ferdigmontert

Også i den store og krevjande Tanaelva var det lenge vanskelege arbeidsforhold på grunn av sein snøsmelting og mykje vatn. I tillegg var nokre av delane til fella forseinka frå leverandør. Mykje pukkellaks kan derfor ha komme seg opp i Tanaelva før den 400 meter lange fella var på plass eit stykke ut i juli. Det går føre seg berekningar av kor mykje pukkellaks som kom seg opp i Tanaelva, og vi vil komme med endelege tal seinare i år.

Etter at fella var montert vart det stoppa nesten 29 000 pukkellaks i Tanaelva.

I sommar har totalt over 157 000 pukkellaks vorte stoppa frå å komme seg opp i norske elvar, gjennom ein god innsats frå lokale elveforvaltarar i over 100 vassdrag i Nord-Noreg.

Les meir om pukkellaks på Miljødirektoratets temaside.