Sjekk klimagassutsleppa før bygging med ny kalkulator

Den nye klimagasskalkulatoren kan berekna utslepp frå utbyggingsplanar. Det kan hjelpa kommunar og andre å ta betre val for natur og klima.

Publisert 22.01.2026

– Vi skal kutte utslipp og legge til rette for en gradvis omstilling til et samfunn med lave utslipp. Med klimagasskalkulatoren kan kommunene planlegge framtidige utbygginger slik at vi unngår økte utslipp og beskytter naturen vi alle er avhengige av, sier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Utbygging av nye vegar, bustader eller industriområde kan gi eit stort utslepp av klimagassar. Med den nye klimagasskalkulatoren kan kommunar og andre enkelt rekne ut kor store klimagassutslepp slike utbyggingsplanar vil føre til. Med denne kunnskapen, kan kommunane planlegge for korleis dei kan unngå utslepp, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Den kartbaserte kalkulatoren kan berekne klimagassutslepp frå planlagd arealbruk. Den er utvikla av Nibio, i samarbeid med Miljødirektoratet.

Gå til kalkulatoren:

Nedbygging av naturareal er ei stor kjelde til klimagassutslepp, med eit årleg utslepp på 1,9 millionar tonn. Det er også den største trusselen mot natur i Noreg.

Vil bevare karbonrike naturareal

– Vi må ta betre vare på område med mykje karbon, slik som myr og skog, og bygge ned mindre av slike areal. Sjølv om kvart enkelt inngrep er lite i seg sjølv, blir dei samla konsekvensane store. Gjennom god og arealgjerrig planlegging kan kommunane unngå bit-for-bit-nedbygging av viktig natur, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

Både Klimamelding 2035 (Meld. St. 25 (2024-2025)) og statlege planretningslinjer for klima og energi peiker på kor viktig det er å redusere nedbygginga av karbonrike areal og at dette skal prioriterast høgt i arealplanlegging.

Tilgjengeleg for alle

Rundt 70 kommunar har testa klimagasskalkulatoren til no, og med gode erfaringar. No er kalkulatoren tilgjengeleg for alle kommunar, konsulentar som jobbar med plan og utgreiing, forslagsstillarar og andre som er interesserte.

Kalkulatoren blir ein del av den kommande rettleiinga til dei statlege planretningslinjene for klima og energi og Miljødirektoratets handbok for konsekvensutgreiing av klima og miljø (M-1941).

Kalkulatoren er utvikla på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Samferdselsdepartementet.

Få ei innføring 10. februar

Den nye kalkulatoren blir presentert i eit webinar 10. februar kl. 10-11.

Meld deg på her:

Les også nyheitssak frå NIBIO: