Planlegg tiltaket
Omfanget av planlegginga må tilpassast tiltaket. Enkelt vedlikehald krev normalt lite planlegging, medan større utbetringar, rehabilitering og omlegging krev grundigare førebuingar.
Ta utgangspunkt i kunnskapen du har innhenta fram til no - problema, årsakene, viktige omsyn, val av tiltak og teknikk.
Avklar kva som skal gjerast, kvar arbeidet skal utførast og kva resultat du ønskjer. Vurder om arbeidet kan gjennomførast med eigne ressursar, eller om det er behov for fagfolk.
Døme på prosjektskisse
For større tiltak, bør du samle og systematisere informasjonen du treng i arbeidet i ei prosjektskisse.
Prosjektskissa skal gi eit felles grunnlag for avgjerder og blir brukt i bestillinga av arbeidet.
Kombiner ulike teknikkar
Ein god stiløysing tek vare på mest mogleg av den naturlege stien, og bruker ulike teknikkar for å løyse problem der det er nødvendig.
Målet er å styre vatnet og ferdselen, samtidig som stien blir tilpassa terrenget og landskapet.
Bruk teknikkane som er best eigna på akkurat din sti.
- Prioriter alltid å få kontroll på vatnet, til dømes med vassrenner, overløp og spaltar.
- Gangbanar og klopper kan vere aktuelle i våte område, men vurder alltid om stien heller bør leggjast til tørrare og meir robust grunn.
- Grussti kan vere aktuelt der underlaget treng forsterking og dreneringsforholda ligg til rette. Grusstiar kanaliserer ferdselen godt og er ei god tilrettelegging for fleire brukargrupper.
- Spalta grussti er ein metode for å byggje grusstiar i stigande til bratt terreng. Stien kanaliserer ferdselen godt for fleire brukargrupper.
- Greinsti er eigna for lett stigande til bratt sti i skogsterreng. Stien kanaliserer ferdselen godt for fleire brukargrupper.
- Steintrapp eignar seg best der det er bratt eller i steinur.
Det er ikkje nødvendig å bruke same teknikk langs heile strekninga. Kombiner gjerne ulike korte, målretta tiltak med naturleg sti.
Tilpass tiltaket til terrenget og landskapet
Tilpass traseen til terrengformene, og unngå unødvendige inngrep som bryt med landskapet.
Bruk gjerne lokale materiale der det er eigna og forsvarleg.
Gjer den ønskte traseen tydeleg og attraktiv slik at ferdselen held seg der terrenget toler belastninga. Sjå også:
Bestill arbeidet
Arbeidet kan utførast av frivillige, eigne mannskap eller innleigde fagfolk.
Ei bestilling bør forklare problemet og årsaka, kva ein ønskjer å oppnå og krav for gjennomføringa. Ver så konkret som mogleg, kartfest tiltaka og definer kor mange parsellar og meter som skal byggast med ulike teknikkar.
Ei felles synfaring er nyttig for å sikre at bestillar og utførande har same forståing av oppgåva.
Mal for bestilling
Følg opp arbeidet undervegs
Kontroller undervegs at løysinga er tilpassa terrenget, og at vatn og ferdsel blir handterte som tenkt. Vurder løysinga på nytt dersom forholda viser seg å vere annleis enn venta.
Unngå unødvendige terrengskadar, og set i stand område som er påverka av arbeidet.