Kva som er det beste materialet, avheng av kva slags tiltak du skal gjere og kvar du skal gjere det. På denne sida får du ein oversikt over Statens naturoppsyns erfaringar i ulike typar område.  

Å tilrettelegge ein sti krev at du gjer ein del førebuingar, og at du har gode rutinar for vedlikehald i ettertid. Les meir om stiprosjekt her:

Våte område

Går stien i eit vått område, er det ofte best å legge gangbanar av tre. Du bør også vurdere å flytte stien til eit tørrare parti.

Her kan du lese om Statens naturoppsyns erfaringar med ulike materiale i våte parti:

Trevirke til gangbaner/klopper

Det er viktig å være klar over at trevirke, spesielt høvla bord, blir glatt ved regn, is og vått lauvfall. 

Det er store kvalitetsforskjellar på trevirket som blir selt, noko som kan påverke varigheita og vedlikehaldsbehov.

Les meir om korleis du bygger gangbaner her:

Store, ubehandla plankar

  • Eigna for gangbanar som treng store dimensjonar og god breidd.
  • Kan brukast som enkeltplankar, eller leggast to saman.
  • Har lang varigheit ved god kvalitet.

Malm-/feitfuru, halvkløyvningar  

  • Eigna for gangbanar som treng store dimensjonar og god breidd.
  • Kan brukast enkeltvis, eller leggast to saman. Skal ikkje høvlast, men kan raspast tvers over med sag for betre feste.
  • Har lang varigheit ved god kvalitet.
  • Tilgang på godt virke med tilstrekkeleg kjerneved varierer. Malmfuru er seint veksande, gammal furuskog som er viktig å ta vare på og skal derfor ikkje fellast til dette formålet, men kjøpast hos forhandlar.

Impregnert virke

  • Lett å supplere og halde ved like.
  • Må vere grovt og uhøvla for ikkje å bli for glatt. Klasse A toler jordkontakt og fukt betre enn klasse AB.
  • Dagens impregnerte virke blir rekna som anvendeleg for bruk i terrenget. Det er lite avrenning av forureinande stoff, men etter bruk må det fraktast til mottak for destruering, og ikkje blir igjen lagt eller brent.
  • Det er ein fordel å bruke underliggarar.

Lerk, ubehandla

  • Lang varigheit ved god kvalitet. Tilgang og kvalitet må vurderast.
  • Statens naturoppsyn har gode erfaringar med å bruke seint veksande lerk.

Douglasgran

  • Blir brukt til gangbanar og andre tilretteleggingstiltak.
  • Dersom det er kortreist, er dette ein grei måte å bruke ein framand art.

Bjørk, rogn, selje

  • Kan brukast som halvkløyvningar. Er også eigna til kavling og i korte, bratte parti med lett bruk.
  • Har ofte avgrensa haldbarheit.
  • Kortreist om ein kan bruke det som er tilgjengeleg på staden.

Termofuru og varmebehandlet gran/lerk

  • Lang haldbarheit.
  • Varmebehandlinga gir sjølvimpregnerande eigenskapar.
  • Det er eit kostbart produkt.

Kreosotbehandlede stokker og sviller

Stein

  • Såkalla stepstones er eigna til å gå på i fuktige område, der klopper søkk eller flyt bort. Steinen må vere så breie at dei ikkje søkk.
  • Dette fungerer bra der du har tilgang på store brotsteinar i nærområdet.

Hugs at stein er belastande å gå på over lengre strekningar. Stein eignar seg derfor best for korte strekk, elles vil folk føretrekke å gå utanfor tilrettelegginga.

Andre typar forsterkning

Geonett

  • Blir brukt som forsterkning av køyretrasear på fuktig mark.
  • Vi har varierande erfaring med geonett, då det kan føre til plastforureining dersom det blir brukt feil. Føresetnader for eit vellykka resultat er at
    • underlaget er flatt og jamt, til dømes på grasmyr
    • geonettet får tid til å gro seg fast i terrenget før bruk
  • Vi har dårleg erfaring med å bruke geonett på sti. Dersom det er vått, blir punktslitasjen for stor og det blir fort gjørmehol. 

Fiberduk

Kan fungere som forsterkning av grusstiar i veldig fuktige område. For at fiberduk skal fungere, må underlaget vere flatt og jamt. Les meir under.

Flate og slake parti med slitasje

Om du skal bygge opp eit stispor i eit flatt parti, kan du vurdere å lage parti med grussti. Der stien byrjar å bli bratt, kan du vurdere ein spalta grussti.

Pukk

Blir brukt som berelag i grusstiar og spalta grusstiar.

Grus

Brukes som topplag på stier.

Fraksjon 0-16 (knust fjell) er å føretrekke.

Elvegrus

Kan brukast som fyll i spalta stiar.

Ligg best der det er fuktig. Ikkje eigna viss grusen er for rund eller viss stien heller  

Flis har også vorte brukt som topplag på stiar. Det er lite eigna viss vogner eller rullestolar skal køyre på stien. Flis glir ofte utover slik at stien blir gradvis breiare og treng drenering/grøftar.

Fiberduk blir brukt som forsterkning av grusstiar dersom det er veldig fuktig og du har eit flatt og jamt underlag. Det gjer at du kan unngå å bruke pukk. Legg eit tjukt lag med grus rett på duken, og duken hindrar grusen i å søkke ned i bakken. Fiberduk skal ikkje brukast viss underlaget er ujamt og steinete. Då blir det raskt hol i duken.

Bratte område med behov for trappetrinn

Trinn av tre

Sjå omtalen av ulike treslag over. I tillegg kan desse brukast for å lage trinn:

Bjørk, rogn, selje

Har ofte avgrensa haldbarheit.

Kortreist om ein kan bruke det som er tilgjengeleg på staden.

Søyleeiner

Har lengst holdbarhet av alt tre.

Søyleeiner kan være vanskelig å få tak i, men finnes på Vestlandet.

Vrifuru/contorta

Egnet som opptrinn i slake trapper. Grus/subbus fylles i trinnene.

Bøyde greiner (10-20 vm i diameter) kvistes og barkes før bruk.

En god måte å bruke en fremmed art.

Trappetrinn av stein

Stein er belastande å gå på over lengre strekningar eller for høge opptrinn. Stein eignar seg derfor best for korte strekk, elles vil folk føretrekke å gå utanfor tilrettelegginga.

Større stein blir brukt til steintrapper eller opptrinn der du må ta ut høgde i terrenget. Kan også brukast ved forsterkningspunkt for å stabilisere trappa.

Lang haldbarheit med jamt vedlikehald.

Vi tilrår ikkje trinnhøgde over 15 cm.

Område med spesielle behov

Tilrettelegging i sanddyner

I sanddyner er det som regel viktigast å leie ferdselen, til dømes ved hjelp av enkle gjerde. Sanda drenerer godt, så ein treng derfor ikkje bordgangar eller kavlingar bortsett frå der vogner, rullestolar og liknande skal fram. I belasta område kan kavlingar av t.d. trykkimpregnert materiale skape eit fastare underlag.

Svevande sti

Svevande stiar kan brukast over steinur eller veldig sårbare område.  

Gangbanar av tre kan byggast opp og løftast opp fra terrenget. Er det eit poeng å kunne sjå ned på terrenget, finst det nokon alternativ.

Glassfiberrister: Det er sklisikkert, gir lite vindfang og er transparent. Kan brukast der terrenget skal skånast, til dømes over poligonmark.  

Strekkmetall: Krev lite vedlikehald. Det er viktig å vere klar over at dette tilfører naturen eit nytt element, og er framandgjerande og energikrevjande å produsere. Det er i tillegg svært dårleg for hundeklør.  

Område med saltvatn

Stolpar: Osp blir ofte brukt til stolpar, i kaianlegg i saltvatn og liknande. Det er sjølvimpregnerande i saltvatn og har god haldbarheit.

Festemidlar, tau

Festemidlar

Skruar: Godt eigna i klopper og grove dimensjonar. Utfordrande når det skal skiftast ut. I lengda er det besparande å velje syrefaste skruar av god kvalitet, sjølv om desse er meir kostbare ved innkjøp. Skal du skru i gangbanar laga av 2" tjukkleik, må du bruke *6x90 mm skruar.

Spikar: Berre eigna i stabile konstruksjonar utan rørsle i materialet. Utfordrande når det skal skiftast ut.

Bindhakar: Eigna for å feste grove dimensjonar, slik som halvkløyvningar.

Trepluggar: Eigna ved grove dimensjonar. Ein fordel med trepluggar er at dei rotnar i takt med trevirket, slik at festemidlane ikkje ligg igjen når gangbaner eller andre tiltak blir brote ned. Noko meir arbeidskrevjande.

Tau

Tau kan vere eit tiltak for å leie ferdsel, og kan vere eit alternativ til å bygge sti eller gjere anna tilrettelegging.

Hamptau rotnar relativt fort. Det finst hampliknenede tau av kunststoff som held lenge.

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid