Døme på naturbaserte løysingar

Innleiing

Naturbaserte løysingar (NBL) går ut på å løyse samfunnsutfordringar gjennom å ta utgangspunkt i naturlege prosessar og økosystem. Det kan vere sosiale, økonomiske eller miljømessige utfordringar, som til dømes klimaendringar, forureining eller tap av natur. Naturbaserte løysingar nyttar kjente eigenskapar ved naturen til å løyse ei utfordring.

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing kan delast inn i tre hovudkategoriar: bevare, restaure og etablere.

Figur 1 viser korleis bevaring av eksisterande økosystem er prioritert over restaurering og etablering av nye tiltak. Dei tre kategoriane kan kombinerast og vere komplementære, samtidig gir hierarkiet ein retning på kva bør prioriterast.

Naturbaserte løysingar er karakterisert ved at dei ofte har fleire funksjonar og er ofte kostnadseffektive, særleg når ein vurderer alle effektane for samfunnet. Dei er positive for naturmangfald, kan gje ei rekkje positive effektar for samfunnet gjennom økosystemteneste. Økosystemtenester er gode og tenester vi får frå naturen. Dei bidrar til menneskes velferd, direkte og indirekte. Det kan eksempelvis vere positive ringverknader for nærmiljø, natur  og friluftsliv. Vegetasjon i byar kan bidra til å reinse lufta ved at svevestøv og forureiningsstoff blir fanga i bladverket eller plantevekst gjer at karbon blir lagra i jordsmonnet over tid (karbonopptak og lagring).

Vi genererer din PDF - vennligst vent

Dette kan ta litt tid