Buffersone mot vassdrag
Betydninga for klimatilpassing
Ei buffersone er eit vegetert område langs eit vassdrag, som har ei rekkje fordelar for klimatilpassing. Buffersona fungerer som ein naturleg barriere mot flaum og overvatn, ved å absorbere og forseinke vasstraumen. Vegetasjonen kan stabilisere jordsmonnet i vasskanten, slik at faren for erosjon minskar og vasskvaliteten blir betre.
I tillegg til å vere nyttig for klimatilpassing, medverkar buffersoner til å redusere næringsstoffavrenning frå jordet og auka karbonlagring i biomasse og jord.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
• Flaum, ved å absorbere og forseinke vasstraumen
• Overvatn, ved å absorbere og forseinke vasstraumen
Korleis styrkar tiltaket biologisk mangfald
Buffersoner styrkjer biologisk mangfald ved å gi habitat og mat for ei rekkje insekt, smådyr og fuglar. Røtene er viktige for jordlevande organismar. Ved å bruke ulike typar vekstar i buffersona, vil biodiversiteten auke, då kvar planteart tiltrekkjer seg ulike typar dyr. Blomande plantar vil ha positiv effekt på pollinatorar.
Andre effektar tiltaket kan gje
-
Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.
-
Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.
-
CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken
Pollinering, frøspredning: Humle, bier, sommerfuglar, blomsterfluger m.fl. pollinerer både viktige matplantar og mange artar i naturen. Ekorn, fuglar og andre bidreg med frøspreiing.
Nyttige lenker
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har tiltaka: vegetasjonssonar/kantsonar langs vassdrag, flaumdempande tiltak, erosjonssikring i/langs vassdrag (Landbruksdirektoratet)
- Regionale miljøtilskot i jordbruket har tiltak for grasdekt kantsone i åker og kantsone i eng (Landbruksdirektoratet)
- Tilskudd til vannmiljø (Miljødirektoratet)
• Effekt av buffersoner – på vannmiljø og andre økosystemtjenester, NIBIO
• Faktaark: Trær langs jordbruksvassdrag: Fordeler og ulemper, NIBIO
• Faktaark: Kantsoner: Renseeffekt av plantedekke mellom jordbruksjord og vassdrag, NIBIO
• En veileder for håndtering av flom og overvann i landbruket, Bondelaget