Ingen eller utsatt jordarbeiding
Betydninga for klimatilpassing
Jordarbeiding, spesielt haustpløying, av jordbruksareal, kan gi stor avrenning, erosjon og tap av næringsstoff frå jorda. Vårpløying eller direktesåing i upløyd mark reduserer desse problema. Intakte planterøter som stabiliserer jorda og stubben frå kornet gjer at vatnet renn langsamare. Jord med god jordstruktur har også betre infiltrasjon. Desse faktorane gjer at det blir mindre erosjon og tap av jord og næringsstoffar.
Klimautfordringar tiltaket kan bidra til å løyse
- Overvatn
- Tørke
Korleis styrkar tiltaket naturmangfald
Pløyefri dyrking er positivt for jordlevande organismar. Eit større biologisk mangfald gjer større innhald av organisk materiale som igjen gjer jorda meir motstandsdyktig mot tørke.
Mindre avrenning av næringsstoff til vassdraga og vidare ut i fjorden vil gi mindre oppblomstring av mellom anna algar. Dette er viktig for oksygennivået i vatnet som vasslevande organismar er avhengige av. Ingen/utsett jordarbeiding medverkar til å redusere problemet med algeoppblomstring og vil dermed hindre reduksjon av naturmangfaldet.
Andre effektar tiltaket kan gje
-
Erosjonskontroll: Vegetasjon med store rotsystemer forhindrer erosjon ved at røtene held jorda på plass.
-
Reinsing av vatn: Jord, plantar og mikroorganismar jobbar saman i naturen sitt eige reinsesystem.
-
CO2-opptak og lagring: Karbon blir tatt opp gjennom plantenes fotosyntese og lagret over og under bakken
Nyttige lenke
- Regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP) har tiltaka: ingen jordarbeiding om hausten, gras på areal utsett for flom og erosjon, inga jordarbeiding på flaumutsette areal, direktesådd haustkorn og haustoljevekstar, grasdekte vassvegar og grasstriper i åker, grasdekt kantsone i åker, kantsone i eng. (landbruksdirektoratet.no)